Sjå stor bildeserie frå arrangementet1200 på temadag

Tryggheim laga «skuledag» for elevar og foreldre.

16. nov 2023 kl 20:33 Henrik Foss

Temadagen laurdag 11. november hadde eit innhaldsrikt program. Russen arrangerte basar og selde lodd for 300.000 kroner til misjonsprosjektet i Vest-Afrika, presten Thor Haavik inspirerte til å sette spor ved å bety noko for andre, og elevar brukte evnene sine både på scenen i storstova og på utstilling i gymsalen. Kjøkkenet serverte smurde frukostbrød, middag og kaffi og kaker då skulen arrangerte årets laurdagsskule.