Prisar 2020/2021

  • Innmeldingspengar
  • Skulepengar
  • Leige av PC/Mac
  • Internatprisar
  • Depositum
  • Spesialdiett for internatbuarar

 

Innmeldingspengar

Innmeldingspengar kr 1.000,-

Når ein tar imot elevplass, blir dette bekrefta ved innbetaling av innmeldingspengar. Om ein seinare trekkjer seg frå elevplassen, blir innmeldingspengane ikkje betalt tilbake. Innmeldingspengar reknast som ein del av skulepengane og blir trekt frå ved første ordinære faktura for skulepengar.

 

Skulepengar

Staten dekkjer 85% av skulen sine driftsutgifter etter ein normalsats som er rekna ut på grunnlag av driftsutgiftene ved dei offentlege skulane.
Elevane må derfor betala skulepengar for å dekkje nokre av driftsutgiftene.

Skulepengar: * kr 14.500,-
Syskenmoderasjon (fråtrekk i skulepengar) for sysken nr. 2, 3, 4 osv ** kr - 3.000,-
Tillegg for skuletur (Vg2) til Tyskland/ Polen/ Tsjekkia: *** kr   8.500,-
Tillegg for skuletur (Vg2) til Israel: *** kr  15.800,-

* Innmeldingspengar er inkludert i pris for skuleplass.
** Gjeld og for sysken i Tryggheim ungdomsskule.
*** Innbetaling av tillegg for skuletur på Vg2 skjer i løpet av våren Vg1 og hausten Vg2.

Skulepengar vert fordelt over 10 månader (medio august - medio juni) med forfall 20. i kvar månad.
Første faktura vil gjelde frå medio august og ut september (1,5 månad) og forfell 20. september.

Skulepengar vert fakturert 1/3 månad på forskot og forfell den 20. i kvar månad.
Siste faktura for skulepengar er juni som då er 1/2 månad: 1. juni til medio juni.
For meir informasjon om dato for faktura og betalingsfristar - sjå menyen til høgre: Faktura og betaling

 

Leige av PC/Mac

Elevar ved Tryggheim vidaregåande skule får høve til å leige berbar PC over tre år eller kjøpe Mac.

Årskostnad for leige av PC (blir justert i takt med utstyrsstipend for vgs) * kr 1.071,-

* Årleg leigebeløp tilsvarer den til ei kvar tid gjeldande sats for utstyrsstipend for vidaregåande skule i Statens Lånekasse.

Etter 3 års leige av PC kan eigedomsretten til PCen overdragast vederlagsfritt til leigetakar.
For meir informasjon om skulen sin PC/Mac-ordning: Skulepc VG1

 

Internatprisar

Dublett/einerom i Bjorheim, Solheim og Vestheim kr 65.000,-
Dublett/einerom i Sørheim, Skogheim, Nordheim og Austheim kr 62.000,-
Einerom i Austheim, felles dusj/toalett i gangen. kr 56.000,-
Dobbeltrom m/dusj og toalett i Nordheim og Austheim kr 59.000,-


Bruk av vaskemaskin og tørketrommel inngår i prisen.

 

Depositum

Depositum, internat                                               kr 1.000,-

Depositum vert betalt saman med skulepengar i oktober og vert tilbakebetalt ved utflytting frå internatet.

Unormal slitasje/hærverk og/eller unnasluntring av fellesoppgåver kan føre til fråtrekk i depositumet.

 

Behov for spesialdiett for internatbuarar

Behov for spesialdiett (cøliaki o.l.) må dokumenterast ved legeerklæring eller liknande.

Satsar for spesialdiett per skuleår:

Cøliaki - Pris tom. januar 2021 kr 10.000,-
Cøliaki - Ny pris gjeld frå februar 2021 kr   8.000,-
Laktose/mjølkeallergi kr   2.000,-
Anna diett / Cøliaki utan rett til tilskot: Indiviuell vurdering av pris.