Reglement for Tryggheim vgs

Vi vil gjerne at skolen skal vere ein god stad for elevar og personale, samstundes som han skal vere ein god skole der alle skal trivast og kjenne seg verdsette fordi alle kjenner ansvar for kvarandre.

Guds ord og kristen etikk er grunnlag og norm for liv og arbeid i skolen.

Vi ventar at alle elevane deltek aktivt med å byggje opp eit triveleg og godt miljø ved skolen både ved åtferd, orden i arbeid og sosiale aktivitetar.

Som friskole har Tryggheim heile landet som inntaksområde.

 

Godkjent i skolestyret 23. mai 2023

  • Kvar elev har krav på undervisning, hjelp og rettleiing i samsvar med vedtektene som gjeld for skolen til ei kvar tid.
  • Elevane pliktar å gjere sitt for å skape eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeids- og samværsformer. Ingen typar av mobbing, diskriminering eller rasisme skal tolererast.
  • Elevane skal rette seg etter vedtektene i lov, forskrifter og instruksar og skolen sitt reglement
  • Elevane har plikt til å delta i undervisning, andaktar, fellestimar og -samvær og til å møte presis. Dersom faglærar ikkje har møtt i klassen innan 5 min. etter at timen skulle ha starta, kontaktar tillitselev (eller ein annan av elevane) undervisningsleiar/ resepsjonen.
  • Alt heimearbeid må leverast i rett tid. Det er pliktig frammøte til alle varsla prøvar/ vurderings-situasjonar. Dersom ein elev er borte frå prøvar/vurderingssituasjonar eller lar vere å levere heime-arbeid, kan det føre til at grunnlaget for å gi vurdering med karakter vert for svakt. Eleven kan då måtte møte til ekstra prøvar. Ved varsel om fare for ikkje å få halvårsvurdering eller standpunktkarakter pga. manglande karaktergrunnlag, har eleven sjølv ansvar for å kontakte faglærar for å avtale prøvar/ vurderingar.
  • Eleven skal møte fram og delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag til å vurdere eleven sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller andre særlege grunnar kan føre til at læraren ikkje har tilstrekkeleg grunnlag for å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter (frå § 3-3 i Forskrift til Privatskolelova)

Fråvær frå skolen

Ved fråvær frå skolen skal eleven gi melding til kontaktlærar. Planlagt fråvær skal meldast til kontaktlærar/faglærar på førehand. Eleven bør føre si eiga fråværsbok for å få større ansvar for eigen arbeidssituasjon og eiga læring. Stort fråvær kan føre til at grunnlaget for å gi vurdering med karakter manglar. Standpunktkarakteren byggjer på grad av oppnåing av kompetansemåla i faget. Ugyldig fråvær kan føre til nedsett karakter i orden og/eller åtferd. Elevhandboka 3.2 om orden og åtferd er ein del av skolen sitt ordensreglement.

Så snart fråværet er over 5 %, vert elev/føresette varsla i Visma InSchool. Elevar over 18 år får berre varsel sjølv.

I spesielle tilfelle må kontaktlærar og rådgjevar vurdere om særlege tiltak skal nyttast overfor eleven.

Frå § 3-46 i ”Forskrift til Privatskolelova” som gjeld føring av fråvær i vidaregåande opplæring, tek vi med:

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Dagleg leiar kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skuldast:

a) helse- og velferdsgrunnar

b) arbeid som tillitsvald

c) politisk arbeid

d) hjelpearbeid

e) lovpålagt oppmøte

f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå

For at fråvær som skuldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skuldast helsegrunnar må vere meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglærar eller dagleg leiar, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset.

Det vert gitt ein fast lesedag i samband med heildagsprøvar i første og andre halvår. I tillegg får elevar i Vg2 ein studiedag og elevar i Vg3 to studiedagar. Studiedagane skal nyttast til fagleg arbeid. Eleven skal ha ein skriftleg plan for arbeidet, og han/ho må avtale med kontaktlærar i førevegen.

Elevane har plikt til å fylgja dei vernereglane og bruke det verneutstyret som faget krev eller som skolen påbyr.

 

Eleven har plikt til å skaffe seg alt undervisningsmateriell som undervisninga krev og som skolen ikkje held. Eleven har og plikt til å bruke særlege klede i undervisninga når faget krev dette, eller skolen gjev pålegg om det.

Alle elevar ved skolen har rett til å bruke datanettverket til skolen og må rette seg etter dei reglane som gjeld bruken av IKT-utstyret. I undervisningstida skal PC-ar berre nyttast etter rettleiing frå lærar.

 a) Allment

Desse reglane gjeld for alle arrangement i og utanfor skolen som skolen er ansvarleg for, også turar og ekskursjonar. Elevhandboka 3.7 om ekskursjonar og turar er ein del av skolen sitt ordensreglement.

Elevane må ta godt vare på eigne saker og stelle fint med andre sin eigedom.

Skulle ein elev kome i skade for å øydeleggje noko, skal han straks melde frå til faglærar/ undervisningsleiar/kontaktlærar. Rektor avgjer erstatninga av skaden. Klassane har etter tur ansvar for orden i tunet og kring bygningar og for rydding i matsal/kantine etter matfriminuttet.

Mobiltelefonar skal ha ringetone slått av og skal ikkje nyttast i timar utan at faglærar har opna opp for bruk (t.d. til pedagogisk bruk, på turar mm). Ved brot på dette kan mobiltelefonen bli inndregen for resten av timen; i særlege høve for resten av dagen.

b) Tobakk og rusmiddel

Alle elevar har rett til eit tobakksfritt miljø, noko som betyr at det er forbod mot alle typar røyk og snus på skolen sitt område. I skoletida (08.00 – 15.00) er det også forbod mot røyk og snus utanfor skolen sitt område (jf. tobakksskadeloven § 27). Dette gjeld og når dei er i praksis, på ekskursjonar og skoleturar.

Tryggheim skal vere ein skole fri for alkohol og narkotika. Bruk og oppbevaring av rusmiddel er forbode, inkludert flasker, brukarutstyr og tomemballasje. Rusmiddel vil bli beslaglagt. Ved oppbevaring eller mistanke om bruk av narkotiske stoff, vil skolen automatisk ta kontakt med føresette, barnevern og politi.

Ved synlege teikn på at ein elev er rusa eller når det er andre godt underbygde grunnar til mistanke om bruk av rusmiddel, vil skolen vurdere ulike konsekvensar. Dersom situasjonen tilseier det, vil eleven bli vist bort. I andre høve kan eleven få forbod mot å bruke visse maskinar eller ikkje få gå opp i eit høgt stillas eller bli gjeven liknande avgrensingar. Slike saker vert handsama i tråd med retningslinene for bortvising og andre refsande tiltak. Eleven får høve til å forklare seg.

Tryggheim får av og til spørsmål om det kan trenast med narkotikahundar saman med elevane. Vi gjer merksam på at det i løpet av skoleåret kan kome narkotikahundar til skolen.

c) Oppslag

Oppslag ute og i klasserom i form av innlegg, teikningar og bilete som er diskriminerande for einskildpersonar eller grupper eller på annan måte verkar etisk nedbrytande, vert fjerna utan varsel. Det gjeld og ‘Tryggheim Official’ på Facebook og liknande.

d) Om ferdsel og anna

Bilar og syklar skal parkerast på tilviste plassar. Hovudparkeringsplassen er bak Austheim, og der er og garasjeplass for syklar. Elevar kan få nøkkel frå driftsleiar. Elevar som kjem med bil eller traktor til skolen skal bruke parkeringsplass bak Austheim.

Av omsyn til trafikktryggleik og ro i tunet må ein unngå all unødvendig køyring.

Klasserom og gangar kan nyttast som opphaldsrom i friminutta, men dette gjeld ikkje spesialromma. Ordenselevane må likevel syte for god orden i klasserommet til kvar time. Kontaktlærar/faglærar har ansvar for utnemning av ordensmann.

e) Om god framferd

Elevane skal leggje vekt på å vise god framferd på skolen, på reiser til og frå skolen, og når skolen er ute på ekskursjonar eller reiser.

f) Om brannvernutstyr

Brannvern og god beredskap ved brannalarm har høgaste prioritet.

Tildekking av brann-/røykvarslarar og misbruk av tryggingsutstyr som brannslangar, brannmeldarar, brannsløkkingsapparat, branndører o.l. kan føra til bortvising.

g) Fyrverkeri/eksplosivar

Det er ikkje tillate å oppbevare eller bruke våpen, våpenliknande gjenstandar, fyrverkeri, kinaputtar, ammunisjon eller andre former for eksplosivar på skolen sitt område. Bruk/oppbevaring av fyrverkeri på skolen sitt område, kan bli meldt til politiet.

h) Russeaktivitetar

For at russeaktivitetane ikkje skal forstyrre undervisninga, skal dei som hovudregel gå føre seg utanom undervisningstida. Sjå elles avtale mellom russen og rektor.

Skolen vil hjelpe til med organisering av fritidsgrupper og utarbeiding av reglar for slike. Inga slik verksemd må stride mot målsetting og basis for skolen. Lag og interessegrupper som ønskjer å drive verksemd ved skolen, må først samrå seg med og få løyve av rektor.

1.time 08.10–08.55
2.time 08.55-09.40
3.time 09.50-10.35
4.time 10.35-11.20
5.time 11.45-12.30
6.time 12.35-13.20
7.time 13.25-14.10
8.time 14.15-15.00

Føremålet med reglementet er å auke trivselen og læringsutbyttet til elevane. Det er difor viktig at reglementet vert respektert. Ved brot på reglementet vil skolen nytte retningslinene nedanfor for iverksetting av tiltak. Elevane skal møtast med respekt og omtanke. Målet er at elevane alltid skal vite kva konsekvensar eit reglementsbrot får, og at dei opplever at tiltaka er rettferdige i høve til kor alvorleg reglementsbrotet er.

 

A. Ved brot på reglementet kan skolen nytte desse tiltaka:

  • Munnleg påtale eller merknad frå tilsette ved skolen
  • Bortvising frå time/aktivitet for inntil resten av arbeidsøkta v/faglærar
  • Bortvising frå arbeidsøkt, avgrensa til to klokketimar, ved faglærar
  • Bortvising for resten av skoledagen v/rektor
  • Avgrensa rett til bruk av utstyr eller opphald på skoleområdet v/rektor
  • Melding til politi ved lovbrot v/rektor

    Tiltak som kan ankast
  • Bortvising for inntil 5 skoledagar frå skolen v/rektor
    Ankeinstans: Departementet v/Statsforvaltaren – frist 3 veker
  • Bortvising frå skolen for resten av skoleåret v/fylkeskommunen
    Ankeinstans: Departementet v/Statsforvaltaren – frist 3 veker

 

B. Framgangsmåte for tiltak ved brot på reglementet:

Oversikt over brot på reglementet skal førast i Visma InSchool. Desse skal danne grunnlag for karaktersetjing og tiltak.

Det skal førast notat over tiltak, grunngjeving av tiltak og evt. samtalar med elev/føresett.

Syner ein elev alvorlege eller stadige brot på reglementet, skal rektor kalle han inn til samtale, gje påtale og åtvaring. Syner ein slik elev nye brot på reglementet, skal rektor halde kontakt med vedkommande elev og hans/hennar føresette.

Ved brot på reglementet som kan føre til bortvising for meir enn resten av skoledagen, skal elevar/føresette til umyndige elevar varslast før tiltak vert sett i verk.

Dersom skolen finn det nyttig eller nødvendig, kan skolen og melde frå til føresette om tilhøve ved orden/åtferd for ein elev som har fylt 18 år.

 

C. Eleven sine rettar

  • Eleven har rett til å uttale/forklare seg for den som avgjer tiltak.
  • Før refsingstiltak som eleven har klagerett på blir sett i verk, skal skolen vurdere bruk av hjelpetiltak eller mildare straff.
  • Eleven har rett til skriftleg grunngjeving av tiltak som han/ho har klagerett på.
  • Eleven har rett til opplysningar om klagerett og klagefrist.
  • Eleven har normalt rett til å få bortvisinga utsett til etter klagehandsaming.
  • Eleven har rett til å ha med føresett eller ein annan person ved møte i utvalet for disiplinærsaker eller hos rektor.

 Juks er eit grovt regelbrot. Å jukse er uærleg og eit tillitsbrot. Dette vert rekna som juks:

  • Å ha med hjelpemiddel som det ikkje er tillate å bruke
  • Å hjelpe eller kommunisere med andre i prøvesituasjonar
  • Å levere inn eller presentere som sitt eige tekstar, oppgåveløysingar eller liknande som andre har skrive
  • Å laste ned noko frå nettet eller skrive av andre sitt arbeid utan kjeldetilvisingar

Ved juks blir oppgåvesvaret/prøven annullert. Konsekvensane av dette kan vere at eleven ikkje får halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget. Juks fører og til at eleven får nedsett halvårskarakter i åtferd. Når standpunktkarakteren i åtferd vert fastsett, vil eventuelt juks verte vektlagt mykje.

Det vert arrangert temadag/foreldredag på skolen om hausten. Då er det høve til samtale med personalet ved skolen. Slik kontakt er og mogleg elles i skoleåret.

På skolen sine heimesider www.tryggheim.no ligg det kontaktinfo til skolen og oversikt over dei tilsette og deira e-postadresse