1.875.000 kroner til Indonesia-prosjekt

Årets elevar samla inn rekordbeløp til bistand og evangelisering.

14. jun 2025 kl 16:56 Henrik Foss

Ei fullsett storstove på skulen responderte med jubel og ståande applaus då innsamlingssummen blei offentleggjord under avslutningsfesten for Vg3-klassane og avgangselevane på Vg2 yrkesfag fredag 13. juni. Prosjektleiar Hanna Indrebø i russestyret takka medelevane.

- Det at vi har brukt dette året på noko som er større og noko anna enn oss sjølve, trur eg har gjort noko med oss. Eg trur at vi har fått sjå verdien og gleda av å gjere noko for andre som treng pengane meir enn oss, sa Indrebø i takketalen.

Med Vg3-elevane i ryggen overrekte prosjektleiaren ein symbolsk sjekk til regionleiar Rune Mjølhus i Misjonssambandet under avslutningsfesten fredag. Årets sum var 200.000 kroner høgare enn den førre innsamlingsrekorden som blei sett for eitt år sidan. 

Samarbeid

Innsamlingsaksjonen på Tryggheim er eit samarbeidsprosjekt mellom elevrådet og russen ved skulen. I løpet av året har dei stelt i stand ulike innbringande arrangement som har bidratt til rekordsummen. Den største inntektskjelda gjennom året var sponsorløpet på skuleområdet 30. april.

Indonesia-prosjekt

Årets innsamlingsaksjon skal gi born og unge i Indonesia betre utdanning og livsvilkår og gi eit verdig liv for psykisk sjuke. Pengane skal i tillegg bidra til at kristne leiarar i Indonesia får tilbod om utdanning og kurs, og at menneske får høyre den kristne bodskapen.

PS! Sidan skuleåret 2006/07 har elevane ved Tryggheim vidaregåande skule samla inn nærmare 20 millionar kroner til ulike misjonsprosjekt i regi av skulen sin eigarorganisasjon, Misjonssambandet.