Sjå bilde av nytt internat og nytt undervisningsbygg.
Tryggheim 2023
Forandring frydar, og her på Tryggheim skular gler me oss over alt det spanande som skjer her på campus for tida! Tryggheim Vgs skal få eit etterlengta løft med både omorganisering, nybygg og ombygging, og byggeprosjekta er allereie godt i gang.
Ved å bli Heimkjær er du med på å verkeleggjera Tryggheim 2030, og bana veg for at ungdommane våre kan få ein god plass å vera og stifta vennskap for livet!
Planane for Tryggheim 2030 omfattar:
Hausten 2025 stod endeleg nye Austheim klar for innflytting, og med gamle Austheim utflytta, er rivearbeidet i gang for å gjera klart for nytt undervisningsbygg. Det nye undervisningsbygget skal stå klart i 2028, og skal husa helse- og oppvekstsfag og Elektrofag.
Medan betongbete for betongbete blir riven ned, har Vg2 helse- og oppvekstsfag flytta ned i midlertidige undervisingslokale nede på Bjorhaugsletta, berre 5 minuttars gange frå hovudbygget. Her får Tryggheim leiga eit stort næringsbygg som har blitt bygd om og innreda til undervising, og Vg2-elevane har sjølv fått vore med og bestemt namnet til det gilde bygget: Fredheim.
Etter planen skal Vg2 helse- og oppvekstsfag halda til her nede dei neste tre åra, før både heile helse- og oppvekstsfag, og elektrofag flyttar inn i det nye undervisingsbygget hausten 2028.
Og som om ikkje det var nok får Nordheim nytt inngangsparti med sosial sone, ekstra toalett og fleire nye grupperom der traktorgarasjen har vore før.
Klasseromma nede i Skogheim har blitt utvida og tilpassa vår tilrettelagd avdeling. Avdelinga har sjølv vore med i utarbeidinga av lokala, og får nå eigne, nye, trygge lokale tilpassa elevane deira med gode rom, universell utforming, og eigen utandørs terrasse.
Me gler oss over å få bygga nye, moderne undervisingsbygg og fornya skulen til elevane i åra som kjem, med planke for planke, stein for stein, før me til slutt har fått Tryggheim 2030!
Bli Heimkjær!
Har du lyst å ta del i byggeprosjektet Tryggheim 2030?
Vil du vera med og gje ungdommane våre nokre fantastiske ungdomsår?
I så fall kan du bli Heimkjær!