Studiespesialisering

Hallvard og Julia vil studere. Då var studiespesialisering eit opplagt val for dei 

 

Som mange andre Tryggheim-elevar, har Hallvard Jess Langås frå Klepp hatt søsken som har gått på same skule. Grunnen til at Julia Langåker frå Karmøy valde å gå vidaregåande på internatskule på Jæren, finst det truleg ingen andre som deler med henne: Ho skreiv fotballkontrakt med Klepp IL.  

- Sjølv om det var fotballen som førte til at eg flytta og begynte på Tryggheim, er eg veldig glad for at eg hamna akkurat her, seier internateleven frå Åkra på Karmøy.

«Eg opplever at skulen har godt miljø, ikkje berre klassen eg går i, men på tvers av klassane.» - Julia, Karmøy:

Breitt fagtilbod 

Dei to elevane på studiespesialisering veit ikkje kva dei vil bli, men hadde bestemt seg for å sikte mot høgare utdanning då dei søkte vidaregåande.    

- Studiespesialisering passar best for meg. Eg synest det er gildt med realfag, og for meg var det enkelt å velje utdanningsprogram, seier Hallvard.  

- Det var ingen av dei andre utdanningsprogramma som passa heilt for meg. Sidan eg vil studere, kom eg fram til at studiespesialisering er ein grei veg å gå, seier Julia.  

At elevar på studiespesialisering kan velje ulike programfag, synest dei er med på å gjere vidaregåande annleis enn ungdomsskulen.  

- Eg ønsker å velje matematikk, fysikk og kjemi som programfag, seier Hallvard.  

- Eg kjem heller til å velje programfag innanfor språk, samfunn og økonomi. Dei passar best for meg, seier Julia.   

Teori 

- Kva slags elevar bør velje studiespesialisering? 

- Elevane bør like teoretiske fag, svarer Hallvard.  

- Eg føler utdanningsprogrammet passar for dei som ikkje heilt veit kva dei vil, og som likar meir teoretiske fag, ja. Men det er jo ikkje berre teori på studiespesialisering. Du kan jo til dømes velje breiddeidrett som fag, seier Julia.

«Tryggheim har veldig mange gode og hjelpsame lærarar.» - Hallvard, Klepp

Hvilke språk vi kan tilby
Vi tilbyr vanligvis spansk 2, tysk 2, fransk 2 og enten tysk 1 eller spansk 1, avhengig av interessen fra elever som kommer inn på Vg1. De siste årene har vi ikke hatt fransk 2, pga. få elever som velger fransk 2.

Nytt Vg1 studiespesialisering
De som begynner på Vg1 studiespesialisering på Tryggheim, kan velge programfag allerede første året på videregående.
Vanligvis begynner elever med programfag når de går Vg2, men fra 2021 kan elevene velge mellom tre ulike programfag allerede i Vg1. Programfagene som kan velges på Vg1 blir breddeidrett, entreprenørskap og bedriftsutvikling og informasjonsteknologi. Et eventuelt programfag kommer i tillegg til den ordinære timeplanen på Vg1 studiespesialisering, og elevene bestemmer selv om de vil starte med programfag allerede første året på videregående. De som velger programfag i Vg1, kan da velge ett programfag mindre i Vg2 og/eller Vg3 hvis de ønsker.


Fortsette med Vg2 på Tryggheim?

Etter fullført Vg1 kan du fortsette i Vg2 på Tryggheim der vi vil tilby programområdene realfag og språk, samfunnsfag og økonomi. Du er garantert plass på Vg2 hvis karaktersnittet til 1. termin er 3,5 eller bedre.

Vi tilbyr også breddeidrett 1 som valgfritt programfag i Vg2 og Vg3. Se www.vilbli.no

Skolen har 90 elevplasser på Vg1 studiespesialisering.


Slik kan timeplanen din sjå ut

 

  Time Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag
08:10 08:55 1 Matte     Matte Geografi
08:55 09:40 2 Matte Geografi Engelsk Matte Fremmedspråk
Friminutt            
09:50 10:35 3 Engelsk Samfunnskunnskap Kristendoms-kunnskap Kristendoms-kunnskap Fremmedspråk
09:35 11:20 4 Engelsk Samfunnskunnskap Kristendoms-kunnskap Naturfag SF Matte
Lunsj            
11:45 12:30 5 Norsk Kroppsøving Fremmedspråk Naturfag SF Naturfag SF
Friminutt            
12:35 13:20 6 Norsk Kroppsøving Fremmedspråk Engelsk Naturfag SF
Friminutt            
13:25 14:10 7 Naturfag SF Norsk   Engelsk  
Friminutt            
14:15 15:00 8 Naturfag SF Norsk   Samfunnskunnskap  

Kontaktperson

Studieleiar II Kjetil Fylling

51 79 80 50 91585737 kfylling@tryggheim.no

Rådgjevar, lærar Kjartan Håland

51 79 80 15 906 52 360 khaland@tryggheim.no

Studiespesialisering 

Elevtal: Godkjend for 270 fordelte på Vg1, Vg2 og Vg3 

Etter Vg3 kan elevar få generell eller spesiell studiekompetanse 

 

Elevane kan velje desse programfaga:

Realfag: 

  • Biologi 1+2
  • Fysikk 1+2
  • Informasjonsteknologi 1+2
  • Kjemi 1+2
  • Matematikk R1+R2

 

Språk, samfunn og økonomi: 

  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1+2
  • Engelsk 1+2 
  • Psykologi 1+2
  • Rettslære 1+2
  • Sosialkunnskap 
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Politikk og menneskerettigheter
  • Matematikk R1+R2

 

Idrettsfag: 

  • Breddeidrett 1 og 2