Siri går Vg1 elektro, likar best programfaga og lærer aller best når ho kan kople kretsar og få forståinga inn ved å gjere.

 

-  Eg ønskte å ta ei yrkesutdanning for å få variasjon i kvardagen, seier Siri, - ikkje berre sitje ved ein pult og lytte og skrive, og eg er veldig fornøgd med at det blei elektro. Neste år vil eg ta Vg2 elenergi og ekom, så ta fagbrev og bli elektrikar. Det er mange vegar å gå og god anledning til spesialisering innafor elektrikaryrket. 

24 ulike fagbrev
Og det har ho heilt rett i. Den nye tilbodsstrukturen gir dei som startar med Vg1 elektro anledning til å ende opp med minst 24 ulike fagbrev. 11 av desse kan nåast via Vg2-tilboda på Tryggheim. Det kan bli veldig travelt å ta alle, så dei fleste bør nok nøye seg med eitt eller to. 

- På sikt er ingeniørutdanning noko eg vil vurdere, og så har eg ein liten draum om å starte eige firma, men det er i så fall eit stykke fram. Det er uansett viktig for meg å kunne ting frå botnen av, å forstå utføringa og korleis ting fungerer, uansett kva eg endar opp som innafor elektrofeltet. 

Sørlandsdialekta avslører postadresse i Agder, men Siri grin seg ikkje i søvn over ikkje å kome heim kvar dag.  

- Eg stortrivst både på internatet og på skulen, så valet om elektro på Tryggheim har vore heilt rett for min del.

«Det er mange vegar å gå og god anledning til spesialisering innafor elektrikaryrket.»
- Siri, Vigmostad

Stor glede i lyd og bilde
Mats frå Klepp kan i motsetning til Siri svi fiskepinnar med familien som sjokkerte vitne kvar ettermiddag, viss han vil. Ti minutt med snøggtog over jærprærien gir kleppbuen kortreist kompetanseheving.    

- Kvifor valde du elektro? 

- Eg var generelt lei teori på ungdomsskulen, og hadde samtidig glede av å fikle med PC, lys, lyd og småelektronikk heime. På slutten av ungdomsskulen fekk eg hospitere nokre dagar på elektro på Tryggheim, og det var avgjerande for at eg søkte her. På elektro er teori kopla så tett opp mot det praktiske at det opplevest langt kjekkare og meir lærerikt.  

Sjølv om dei fleste elektronane ser ganske like ut der dei tuslar av garde med lysfarta i ein kabel nær deg, må Mats snart velje om han vil ta fagbrev i å lokke dei ut på kraftnettet eller inn i eit sikringsskap.  

-  Førre praksisperiode var eg hos Lyse, i el-nettbransjen altså, og treivst veldig godt. Neste praksis skal eg ha i eit installasjonsfirma. Etter det vil eg vurdere retninga på fagbrevet, eg har ikkje bestemt meg, men endar gjerne opp som vanleg elektrikar.  

- Viss nokon er i tvil om dei skal søke på elektro, kva interesser og eigenskapar vil du seie ein bør ha for å velje elektrovegen? 

- Dei kan jo ta «fikle-testen», det er ein god indikasjon viss folk likar å fikle med tekniske ting. Elles er det ein fordel at dei er logisk anlagt, og er passe ryddige i hovudet. 

«Tryggheim har gitt meg dei beste vennene i livet, det har rett og slett vore dei to beste åra av livet.»
- Mats, Klepp

Glimt frå skulekvardagen


Slik kan timeplanen sjå ut

 

  Time Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag
08:10 08:55 1 Energi og styresystemer El. kretser og nettverk Engelsk El. kretser og nettverk Engelsk
08:55 09:40 2 Energi og styresystemer El. kretser og nettverk Engelsk Energi og styresystemer Engelsk
Friminutt            
09:50 10:35 3 Matematikk 1T-Y Energi og styresystemer Naturfag Kristendomskunnskap Engelsk
09:35 11:20 4 Matematikk 1T-Y Energi og styresystemer Naturfag Kristendomskunnskap Energi og styresystemer
Lunsj            
11:45 12:30 5 El. kretser og nettverk Kroppsøving Yrkesfaglig fordypning Matematikk 1T-Y Energi og styresystemer
Friminutt            
12:35 13:20 6 El. kretser og nettverk Kroppsøving Yrkesfaglig fordypning El. kretser og nettverk Energi og styresystemer
Friminutt            
13:25 14:10 7   Yrkesfaglig fordypning   El. kretser og nettverk Energi og styresystemer
Friminutt            
14:15 15:00 8   Yrkesfaglig fordypning      

Kontaktpersonar

Avdelingsleiar og lærar Christian Knoph

51 79 80 85 cknoph@tryggheim.no

Rådgjevar og lærar Kjartan Håland

51 79 80 15 477 90 519 khaland@tryggheim.no

Påbygging til generell studiekompetanse

Elever som har gått Vg1 og Vg2 yrkesfag, kan søke påbygging til generell studiekompetanse for å kunne studere på høyskole og universitet. Undervisningen følger de offentlige læreplaner, og www.vilbli.no gir en oversikt over fag- og timefordeling.

I tillegg til obligatoriske fag velger påbygg-elever selv ett programfag som består av fem skoletimer i uka. Tryggheim gir et variert tilbud av programfag fra utdanningsprogram for studiespesialisering. Elevenes valg er med på å påvirke tilbudet som settes opp. Aktuelle programfag kan være:

  • Biologi 1
  • Engelsk 1
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1
  • Fysikk 1
  • Informasjonsteknologi 1 eller 2
  • Psykologi 1
  • Rettslære 1
  • Sosiologi og sosialantropologi

Skolen har 60 elevplasser på Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

Slik kan påbygg-timeplanen se ut

  Time Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag
08:10 08:55 1 Norsk Naturfag Norsk   Programfag
08:55 09:40 2 Norsk Naturfag Matte   Programfag
Friminutt            
09:50 10:35 3 Norsk Programfag Matte Matte Programfag
09:35 11:20 4 Naturfag Programfag Programfag Matte Historie
Lunsj            
11:45 12:30 5 Historie Norsk Programfag Historie Programfag
Friminutt            
12:35 13:20 6 Historie Norsk Programfag Historie Programfag
Friminutt            
13:25 14:10 7 Norsk Kroppsøving   Norsk Matte
Friminutt            
14:15 15:00 8 Norsk Kroppsøving   Norsk  

Vg1 elektro og datateknologi 

Programområda Tryggheim tilbyr:

  • Vg2 elenergi og ekom
  • Vg2 datateknologi og elektronikk

Praksis Vg2: Utplassering i bedrift om hausten og våren  

Læretid etter Vg2: 2,5 år i bedrift 

Elevtal: 65 fordelt på Vg1 og Vg2

 

Fagbreva etter Vg2 datateknologi og elektronikk: 

  • Dataelektronikar 
  • Optronikar
  • Produksjonselektronikar 

 

Fagbrev etter Vg2 elenergi og ekom: 

  • Elektrikar 
  • Elektroreparatør 
  • Energimontør 
  • Energioperatør 
  • Heismontør 
  • Skipselektrikar 
  • Signalmontør
  • Telekommunikasjonsmontør 
  • Togelektrikar 

 


Elektroelevar markerte seg nasjonalt

Av totalt 12.500 elevar som dreiv ungdomsbedrifter i Noreg skuleåret 2022/23, blei sju elevar frå elektroavdelinga på Tryggheim bronsevinnarar under NM i Lillestrøm 28. april 2023. Statssekretær Sindre Lysø (Ap) i Kunnskapsdepartementet heidra Fall-Off Rescue UB då bedrifta blei den tredje beste i landet.