Espen Gramstad frå Ålgård bur på internatet på Tryggheim og likar seg svært godt på helsefag.
- Eg har lyst til å bli sjukepleiar når eg blir “stor”, og her lærer eg veldig mykje om sjukdommar og sjukepleie. Me lærer korleis me pleier pasientar og snakkar med folk som har forskjellige sjukdommar. Å læra om relasjonar og kommunikasjon meiner eg er viktig anten ein vil arbeida på sjukehus, sjukeheim eller i andre helseinstitusjonar.
Internatelev Lars Folkvord Bjelland frå Hommersåk har også planar om å bli sjukepleiar, og likar at undervisninga er så praktisk.
- Me har praksisrom på skulen der me gjer praktiske øvingar. I tillegg lærer me om tema eg er interessert i, om sjukdommar og korleis me skal oppføra oss i lag med menneske.
Praksisperiodar
På Vg1 har elevane to praksisperiodar på til saman tre veker. På Vg2 helsearbeidarfag har dei totalt sju veker praksis. Lars fortel om kjekke og spennande dagar då han fekk prøva seg som portør på sjukehuset i Stavanger. I neste periode skal han ha praksis på ein sjukeheim.
Også Espen er nøgd med blandinga av teori og praksis.
- Gjennom praksisen får me sjå korleis det er å jobba i ulike helseinstitusjonar, og i forkant har me lært mykje om det på skulen. Dette er det beste med å gå på helse- og oppvekstfag.
«Me lærer mykje viktig på helse som eg synest alle burde lært.» - Espen, Ålgård
Lærer om menneske
Sara Gulaker bur heime på Vigrestad, og valde Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag (BU) fordi ho vil arbeida med menneske.
- Eg er ikkje 100 % sikker på kva eg skal bli, men eg får utbytte av å gå på BU uansett, for det er interessant å læra om menneske. På Vg1 lærte me det grunnleggjande om kommunikasjon, korleis kroppen fungerer, sjukdommar og ernæring, og på Vg2 har me nettopp lært om kosthald for barn og ungdom. No har eg praksis i ein førsteklasse.
Ein god del av opplæringa i barne- og ungdomsarbeidarfag inneber leik. Sara forklarer:
- Ja, me leikar og har mykje gildt, men det er alltid ein grunn til at me leikar. Me lærer mykje om barn og ungdom som me ikkje har tenkt på før. I klassen har me eit veldig fint miljø, og lærarane har stort fokus på at me skal trivast.
«Alle seier at på BU berre leikar dei og har det gildt. Ja, det stemmer at me leikar, men leiken har alltid eit poeng. Me lærer mykje gjennom leik.» - Sara, Vigrestad
Time | Mandag | Tirsdag | Onsdag | Torsdag | Fredag | |
08:10 08:55 | 1 | Yrkesliv i helse- og oppv.fag | Engelsk | Naturfag HS | Engelsk | |
08:55 09:40 | 2 | Helsefremmende arbeid | Yrkesliv i helse- og oppv.fag | Engelsk | Naturfag HS | Kristendoms-kunnskap |
Friminutt | ||||||
09:50 10:35 | 3 | Helsefremmende arbeid | Helsefremmende arbeid | Kommunikasjon og samhandling | Kommunikasjon og samhandling | Kroppsøving |
09:35 11:20 | 4 | Yrkesliv i helse- og oppv.fag | Helsefremmende arbeid | Kommunikasjon og samhandling | Kommunikasjon og samhandling | Kroppsøving |
Lunsj | ||||||
11:45 12:30 | 5 | Kommunikasjon og samhandling | Matematikk 1P-Y HS | Kristendoms-kunnskap | Matematikk 1P-Y HS | Engelsk |
Friminutt | ||||||
12:35 13:20 | 6 | Helsefremmende arbeid | Matematikk 1P-Y HS | Yrkesliv i helse- og oppv.fag | Yrkesliv i helse- og oppv.fag | Engelsk |
Friminutt | ||||||
13:25 14:10 | 7 | Helsefremmende arbeid | Yrkesliv i helse- og oppv.fag | Naturfag HS | Engelsk | |
Friminutt | ||||||
14:15 15:00 | 8 | Helsefremmende arbeid |
Undervisningen følger de offentlige læreplaner, og www.vilbli.no gir deg en god oversikt over fag- og timefordeling.
Det gis et variert tilbud av programfag fra utdanningsprogram for studiespesialisering. Elevenes ønsker samt skolens blokkskjema er med på å bestemme tilbudet hvert år.
Skolen har 60 elevplasser på Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse
Time | Mandag | Tirsdag | Onsdag | Torsdag | Fredag | |
08:10 08:55 | 1 | Norsk | Naturfag | Norsk | Programfag | |
08:55 09:40 | 2 | Norsk | Naturfag | Matte | Programfag | |
Friminutt | ||||||
09:50 10:35 | 3 | Norsk | Programfag | Matte | Matte | Programfag |
09:35 11:20 | 4 | Naturfag | Programfag | Programfag | Matte | Historie |
Lunsj | ||||||
11:45 12:30 | 5 | Historie | Norsk | Programfag | Historie | Programfag |
Friminutt | ||||||
12:35 13:20 | 6 | Historie | Norsk | Programfag | Historie | Programfag |
Friminutt | ||||||
13:25 14:10 | 7 | Norsk | Kroppsøving | Norsk | Matte | |
Friminutt | ||||||
14:15 15:00 | 8 | Norsk | Kroppsøving | Norsk |
Elevtal: 125 fordelte på Vg1 og Vg2
Programområde: Vg1 Helse- og oppvekstfag
Læretid etter Vg2: To år i helseinstitusjon, barnehage og/eller skule
Etter Vg2 kan du også ta Vg3 Påbyggingsåret til generell studiekompetanse
Moglege fagbrev
Etter Vg2 helsearbeidar kan du ta fagbrev som
Etter Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag kan du ta fagbrev som