Fritid


Fritidstilbod på Tryggheim

Miljøteam
Med eigen ungdomsleiar og fire miljøarbeidarar er Tryggheim rigga for å tilby ei aktiv og variert fritid både for dei som bur på internat og elevar som bur heime. Miljøteamet tryller i gang sport, spel, quiz, konkurransar, grilling, biljard, surfekurs, bordtennisturnering, grip mikrofonen, jentekveldar og gutekveldar og andre ting som er så nye at dei ikkje har fått namn på nynorsk ennå.  

Tilsette deltek og i mange faste fritidsaktivitetar, som bibelgrupper, møte (torsdag og søndag), spill & dill, digital sløyd, mat-, strikke-, sy-, og hobbykafe, og løping. Saman vev miljøteam og tilsette eit fargerikt teppe av aktivitetar som kan ta deg tørrskodd mellom pyttane av keisemd. 

Bibliotek
For dei som ønsker friminutt frå røynda for å dukke ned i litteraturen, lese spanande skildringar frå framande kulturar, kjenne historia sine bølgjeslag, kjempe seg opp filosofien sine tindetoppar, kjenne på straumdraga i nye ungdomsbøker eller vasse litt i den poetiske strandkanten, finst det heldigvis eit rikhaldig bibliotek med så usedvanleg gode sitjegrupper at enkelte berre blir sitjande utan å lese.  

I biblioteket kan du også i periodar vere med på høgtlesing frå Bibelen på ettermiddagane. 

Studie-, og lesesal
Uvisst om det kan kallast ein fritidsaktivitet, men for dei som vil la det kome til uttrykk i livsstilen at dei går på Tryggheim primært for å lære noko, finst det studieverkstad og lesesalar som er opne fram til 22.30. Her kan du bli storprodusent av kvotefri kognitiv mjølkesyre på dagleg basis. To ettermiddagar i veka er studieverkstaden utrusta med kompetent leksehjelp frå tilsette som har samla både studiepoeng og røynsle heilt frå førre århundre. Og dei er rause med visdommen, Tryggheim til ære, deg til gagn. 

Verkstad og mekking
For dei som er har oppdaga at dei har ein kropp som kan brukast til meir enn berre frakta hovudet til lesesal og bibliotek, går det an - med litt opplæring - å bruke ein del av maskinparken på snikkarverkstaden til å laga ting i tre og eit lite mekkelokale til å reparere mopeden i. 

Spesielt for elevar som driv ungdomsbedrift, og i tillegg bur på internatet, gir snikkarverkstaden rik og kortreist anledning til å oppleve gleda det er å bryta ned skiljet mellom arbeid og fritid, såkalla kveldsarbeid.   

 

Hva skjer på Nærbø? 

Nærbø ligger i Hå kommune i Rogaland, og har ca. 7.300 innbyggere – det vil si at når Tryggheim fyller opp internatet om høsten, stiger folketallet til ca. 7.500. 

Med togstasjon i sentrum, i gangavstand fra Tryggheim, er Nærbø en sentral plass på Jæren. Her kan du komme deg nordover til Stavanger og sørover til Egersund med Jærbanen i løpet av en drøy halvtime. Men det er nok å finne på rundt omkring på Nærbø også. Her er noen tips: 

Idrett
Like ved Tryggheim ligger det flotte idrettsanlegget Loen, med blant annet utendørs fotballbane, innendørs ishall og curlingbane, flerbrukshaller og treningsrom. Et 25 m svømmebasseng er åpent for offentlig bading tre dager i uken. Tryggheim er medeier i Loen, og det aller meste av gym-undervisningen foregår her. 

I sentrum kan du i tillegg trene på Jæren sportssenter, og bade i Stampen - et 12,5 m terapibasseng med boblebad.  

Kirke og bedehus
Nærbø kirke har et stort barne- og ungdomsarbeid, og Tryggheimelever engasjerer seg ofte som medhjelpere i barnearbeidet og blir med i ungdomsklubben Reload

På Nærbø bedehus er mange Tryggheimelever aktive i Nærbø kristelige ungdomslag (NKUL). 

I pinsemenigheten Betel kan man engasjere seg i ungdomsklubben Alive

Friluftsområder
Jæren kan tilby helt unike naturopplevelser for enhver smak. Her er det masse turterreng som innbyr til både gå- og joggeturer, og en kort kjøretur unna ligger sjøen med gode forhold for både surfing og bading – spesielt hvis man ikke er avhengig av minst 20 grader i vannet. 

Musikk
Har du spilt i skolekorps og synes det er synd å måtte legge kornetten eller tubaen på hylla? Fortvil ikke! I Nærbø skulekorps er det god plass, også til musikanter som har bikket 16. 

Shopping
Nærbø har to mindre kjøpesentre, i tillegg til en rekke butikker rundt omkring. Ellers ligger det største kjøpesenteret på Jæren sør for Sandnes bare noen minutters togtur unna. På M44 på Bryne kan du boltre deg i mer enn 60 butikker, i tillegg til dem du finner i Bryne sentrum

Fritid

Ungdomsleiar og lærar Lars Aarseth

480 78 960 laarseth@tryggheim.no

Miljøarbeidar Ingrid Indrebø

Miljøarbeidar Ruben Leask

Miljøarbeidar Mari Michaelsen

Miljøarbeidar Fanuel Yrgaw

Følg oss på Instagram, Facebook, Snapchat og TikTok.