Internat

Her får du innblikk i korleis det å bu på Tryggheim.

 

På Tryggheim bur nesten 220 av elevane på eitt av internata. Dei fleste bur på einerom med eige bad, eller på dublettar, dvs. to elevar på kvart sitt rom med felles bad, og nokre få bur på dobbeltrom. Kvar av dei sju internatbygningane er delt opp i fløyer, og kvar fløy har ei felles stove med kjøkkenkrok der elevane kan samlast på fritida. I tillegg er det vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel i kvar etasje.

Frukost, middag og kveldsmat blir servert i matsalen i hovudbygget, der det også er daglegstove, styrkerom, gymsal og ei kantine som er open for alle i langfriminuttet.

Både ungdomsleiar og fleire miljøarbeidarar er med på å skapa eit godt miljø for elevane på fritida.

Kvar morgon går internatarbeidarane rundt i internata for å sjå om nokon har blitt sjuke eller treng hjelp til eit eller anna.

 

Følg internatleiar Vigdis Øyen på jobb

Internat

Internatleiar Benedikte Pollestad

488 65 381 bpollestad@tryggheim.no

App til utreise

  • Installer "Canvas Student" på din mobiltelefon.
  • Åpne appen og logg deg på (velg Tryggheim Skular).
  • Gå inn på faget Internatet.
  • Klikk på hjemknappen der.
  • Klikk på kofferten og logg deg på med Feide her første gangen.
  • Din epost er XXXXXXX@elev.tryggheim.no (husk å ha med elev etter alfakrøllen)

Voila! Nå kan du logge deg ut av internatet på bussen hjem!