Opplegget på TA er orientert mot opplæring i å meistre kvardagen, trene for eit framtidig arbeidsliv med eller utan bistand, med ulike grader av grunnkompetanse som mål. Alle elevane er tilknytta ein klasse i eit utdanningsprogram, men i varierande grad.
Elevar som satsar på kompetansebevis følger undervisninga i programfaga med klassen og har tilpassa fellesfag på avdelinga i små grupper eller individuelt, medan andre kombinerer tilpassa fellesfag med arbeidspraksis og kvardagslivstrening.
Løpet blir tilpassa etter behov og føresetnader hjå den enkelte eleven. Måla kan derfor variere frå å få karakterar i fag, d.v.s. formell kompetanse, til det å trene på å meistre kvardagen, auka sjølvstendet og å få eit arbeid etterpå.
Fasilitetar
Avdelinga har skulens trivelegaste lokale fordelt på to etasjar, begge med kjøkken, kvilerom og aktivitetsområde. I tillegg ventar ein å få ferdigstilt nytt areal til variert arbeidstrening før skulestart hausten 2021.