10.-klassingar er velkomne!

Tryggheim inviterer 10.-klassingar og foreldre til open skule 25. november kl. 18.00, og i januar får 10.-klassingar hospitere og delta på besøkshelg.

10. okt 2026 kl 14:16 Henrik Foss

Fredag 15. januar kan 10.-klassingar hospitere på eitt av dei fire utdanningsprogramma som Tryggheim tilbyr: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering. Hospiteringa startar med ei fellessamling i møtesalen kl 09.30. Besøkshelga frå fredag ettermiddag til laurdag ettermiddag 16. januar kjem til å innehalde sosiale aktivitetar på skuleområdet, møte i storstova og gode måltid i matsalen. Hospiteringa med lunsj på fredagen kostar 50 kroner. Besøkshelga med frukost og varme måltid kostar 200 kr. Her er påmeldingsskjemaet til både hospitering og besøkshelg.

Pakkeliste til besøkshelga: sovepose, liggeunderlag, toalettsaker, klede til innandørs og utandørs bruk og pengar til russekiosken som er open fredag. 

Tryggheim inviterer elles til open skule onsdag 25. november kl 18.00. Arrangementet startar med ei fellessamling i møtesalen på ein halv time før dei frammøtte går til dei ulike utdanningsprogramma/avdelingane. Både 10.-klassingar og foreldre er velkomne. Det går an å følge samlinga i møtesalen digitalt for dei som ikkje kan komme fysisk. 

Viss du ønsker å avtale besøk på skulen på eit anna tidspunkt, kan du kontakte studieleiar Anne Lise Flatebø (aflatebo@tryggheim.no). Tryggheim har også ei tilrettelagt avdeling. Dersom du ønsker meir info om tilbodet, kan du kontakte fagleiar Randi Skjørestad (rskjorestad@tryggheim.no).