Avlsutningsfest fredag 12. juni

Kjære elevar og foreldre/føresette!

Velkommen til avslutningsfest fredag 12. juni kl. 18, spesielt for Vg3 og Vg2 yrkesfag.

8. jun 2026 kl 11:18 Tårn Helge Helgøy

På avslutningsfesten får vi musikalske innslag og kanskje også russekoret. Helsingar. Overrekking av misjonsprosjekt-sjekk. Det blir overraskingar. Og til slutt hamburgar og salat, kaker og kaffi!

Då kjem Morgan Fjelde (far til Vg3-elevar) og held festtalen.  

Sola skin, og det er mykje å glede seg over på Tryggheim vgs😊 Elevane sprang og hadde mykje sosialt og kjekt i misjonsløpet og samla inn rekordmykje pengar til Japan, over 1 million kr på 1 ½ time!! Imponerande innsats – og stor takk til kvar og ein med elevråd og russestyret i spissen!!! Og takk til dykk foreldre som var med på sponsorsida😊 Prosjektsjef Amalie Edland (3PBb) og Alexander Berntsen (3PBa) reiste til Japan for å sjå på misjonsprosjektet i haust. Vi har fått formidla mange flotte inntrykk frå turen deira!

Miljøteam og fritid. Årets miljøteam har hatt mange kjekke tilbod både ute og inne. Ungdomsleiar Mathias Wold og miljøarbeidarane Alma Brekke, Jannike Sæther Tønnessen, Tobias Risa Fylling, Håkon Edland og Daniel Kalhovd Kvamme har ei utruleg viktig rolle i miljøarbeidet😊 The Tryggheim Oscars samla festkledde elevar i ein storslått møtesal ein onsdag kveld – stor suksess. Kreative kortfilmar laga av elevar og eit godt regissert program av miljøarbeidarane, gav publikum gode Tryggheim-minne!

 

Russen fortener òg skryt for alt det med tid, krefter og arbeid dei har lagt ned for inkludering, samhald og godt miljø for heile skulen. Russen har hatt sosiale happeningar, cup’ar og arrangement! Dei har vore kreative – liga, nattcup, hallovenn, gute- og jentekveld, temaveker, russemøter, julekonsertar, bønnedøgn mm. Alle velkomne! Dei er kjempegode miljøskaparar for elevane. I tillegg er dei i ferd med å samle inn svært mykje pengar til misjonsprosjektet i Japan, bl.a. gjennom eplehausting for juiceproduksjon på Randaberg, Lyngnes Gard. Det er rosverdig – dei fortener diplom😊

 

Vi er takksame til elevane på Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag som også dette skuleåret hadde julespel i kyrkja og gledde fleire hundre besøkande frå skular og barnehagar. Imponerande kva dei får til når dei på denne måten presenterer juleevangeliet.

 

Ungdomsbedriftene på Tryggheim imponerte også i år. 13 pallplasseringar og to ungdomsbedrifter til NM blei resultatet for Tryggheim etter fylkesmeisterskapen i Stavanger konserthus 25. mars. Tryggheim-bedriftene FjosFalken UB frå Vg2 elenergi og ekom og Royal Design UB frå Vg2 tømrar representerte Rogaland i NM 29. og 30. april saman med Godalen Gledesspredere UB frå Godalen vgs og Cheap Sheep UB frå Karmsund vgs. Dagleg leiar Leander Helle i Royal Design UB (Vg2 tømrar) blei handplukka av Ungt Entreprenørskap til å ta imot kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun under NM i Nova Spektrum, Lillestrøm. Han fortalde om ungdomsbedrift og overrekte ei skjerefjøl laga på snikkarverkstaden. NM-finalistane frå Tryggheim reiste heim utan medaljar, men med verdifulle erfaringar. Vi er imponert over innsatsen både til elevar og lærarar – gratulerer!

 

Ungdomsbedriften Royal Design består av André Aarsvoll, Sander Vold, Leander Helle, Ole Gudmund Nærland og Sondre Klippen, mens FjosFalken UB består av Filip Halvorsen, Daniel Grødem, Filip Ljosdal, David Våland og William Nodland. 

 

Vi må også nemne at Jonatan Løvås i Vg2 blei den beste tømrareleven i Rogaland då fylkesmeisterskapen blei arrangert i april på Bryne vgs. Han representerte Rogaland i NM for tømrarelevar på Ringsaker vgs i Brumunddal i april.

 

Kodeknekkeren. «Tryggheim-elevar har også markert seg i realfag i løpet av våren. Jesper Gilje, Jonathan Gustavsen, Tjerand Laland, Mathias Nebdal og Benjamin Nygård i Vg2 studiespesialisering vann mattekonkurransen Kodeknekkeren og 20.000 kroner på Vitenfabrikken i Sandnes 10. mars. Over 120 elevar frå dei fem vidaregåande skulane Tryggheim, Hetland, Sandnes, St. Olav og Bergeland deltok i finalen.»

 

Svært gledelege søkjartal på vgs. I mars fekk mange hundre tilbod om skuleplass – og ein heil del avslag måtte også ut no i første runde. Tusen takk til Infoteamet og til alle som er med å skape positiv blest om Tryggheim vgs. Både på Open skule i november og på hospitering og besøkshelg i januar merka vi at søknaden kunne kome til å bli rekordhøg endå eit år. I november hadde vi Open skule for 10. klassingar og foreldre; Her stilte Tryggheim-elevane opp både i intervju-form og på filmsnuttar/bilete😊 Positive elevar! Mange elevar og foreldre i møtesalen + mange på stream! Har også du lyst å sjå litt frå kvardagen i haust, sjå Open skule her; https://www.youtube.com/watch?v=2-QzBL7aO4I

 

Tryggheim 2030. Tryggheim skular har byggjeplanar som vi kallar Tryggheim 2030. Første trinn er ferdig, nytt internatbygg med 36 elevrom stod klart i august. Snart flyttar snart dei aller siste ut av riveklare Austheim. Det er TA-elevane som får nye, lyse og tenlege lokale i eit utvida Skogheim! Sjå kor flott det er blitt! Til denne byggeprosessen er gjevartenesta Heimkjær oppretta: https://tryggheim.no/info/gje-ei-gave/ Russen støtter oss i arbeidet! Ein av dei 150 russeknutane er å bli Heimkjær, gjennom å gje minst 10 kr/mnd😊 Det er fantastisk!

 

Vi ønskjer å gje ungdommane ein livskurs i samsvar med den kristne trua. Også dette skuleåret har ungdom fått eit møte med Jesus gjennom småfellesskap, bibelgrupper, møte og møteveker. «Tak vare på hjarta framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det,» Ordspr. 4,23. Takk for omsorg og forbøn!

 

PS: Sjå under om viktige datoar og anna viktig relevant informasjon.

PS: Dersom du ikkje gjer det allereie, er du velkommen til å følge Tryggheim på Facebook, Instagram og LinkedIn.

 

Gjermund Viste

rektor

  

PS: Viktige datoar og skulefagleg informasjon: 

 

Siste skuledag

I høve til eksamensavvikling og avslutning av skuleåret vert siste vanlege skuledag  fredag 12. juni. Det er 90 elevar i Vg1 og Vg2 som skal ha eksamen onsdag 17. juni.

For Tilrettelagt avdeling (TA) er siste skuledag torsdag 18. juni.

Standpunktkarakterar, halvårskarakterar og klagebehandling:

    • Vg2 yrkesfag: Elevane får standpunktkarakterar i programfaga og YFF måndag 1. juni i Visma InSchool. 
    • Vg3: Elevane får standpunktkarakterar i fag fredag 5. juni i Visma InSchool.
    • Vg1 og Vg2: Elevane får standpunkt- og halvårskarakterar i fag måndag 15. juni i Visma InSchool.

Eksamensinformasjon. Trykk på fanen for eksamen her: https://vgs.tryggheim.no/info

Klagebehandling: Les meir om klagebehandling her: https://www.statsforvalteren.no/nn/Rogaland/Barnehage-og-opplaring/Eksamen/Klage-paa-fastsettelse-av-standpunktkarakter/

Timeplan 2026-2027: Me held fram med at skuledagane er frå kl. 08.20-15.10.

Andre viktige datoar:

    • Vg2-elevane, neste års russskal ha ei samling onsdag 27. mai klokka 12. Forventningar, fokus på styreverv, Tonstadli-weekend (torsdag 27.- laurdag 29. august), russegrupper, utanforskap mm.
    • Opningsfesti august, primært for Vg1: laurdag 15. august.
    • Vg2-turane. All informasjon knytt til Vg2-turane blir gitt gjennom Canvas. Føresette kan få tilgang der. (Roma og Brussel, Normandie, Paris er 17.-24. september. Barcelona er 18.-25. september.)
    • Tryggheimbasaren er historie. Erstattaren er Huslydkveld med basar. Datoen for hausten er no klar, - merk av i kalender onsdag 30. september kl 19. Då kjem Rune Tobiassen, dagleg leiar i Tro & Medier.
    • Temadag/foreldredag vgs til hausten blir laurdag 7. november. Då kjem Marianne Fredbo. Meir info kjem til hausten.