Lærarane serverte elevaneAvslutta 2025 med stilfull julefest

Tryggheim arrangerte julefest for heile skulen torsdag 18. desember.

22. des 2025 kl 15:03 Henrik Foss

Vinnaroppskrifta frå tidlegare julefestar blei vidareført, med eit par nyheiter på programmet: Biff stroganoff stod på menyen, og dei lokale synkronsvømmarane i «Slay & Sigma Synchronswimmers Sportclub» hadde eiga oppvising.

Før middagen var det samling i møtesalen med andakt av ungdomsskulelærar Jostein Husveg og song av russekoret. I den siste delen av kvelden stod underhaldning på programmet: «Kongen befaler» med ungdomsleiar Mathias Wold og miljøarbeidar Jannike S. Tønnessen, og lærarparodiar og musikalske innslag i regi av russen. Vg3-elevane avslutta festkvelden med å kåre anleggsteknikk-lærar Kenneth Undheim til årets æresruss