Bygger nytt for 190 elevar

Tryggheim reiser det største undervisningsbygget i skulen si historie.

10. jun 2026 kl 09:32 Henrik Foss

Tryggheim er i gang med å rive det kombinerte internat- og undervisningsbygget Austheim frå 1958 for å gi plass til eit nybygg. Selskapet IGANG Totalentreprenør frå Orstad skal reise eit undervisningsbygg på om lag 2700 kvadratmeter fordelt på fire etasjar.

– Rivinga av gamle Austheim har gått føre seg lenge, og planlegginga av nytt undervisningsbygg endå lenger. No ser vi verkeleg fram til at sjølve betongkolossen blir jamna med jorda, og ikkje minst til byggestart for nytt bygg og nytt skuletun rett over sommaren, seier rektor Gjermund Viste.

Bygget skal romme 190 elevar innanfor utdanningsprogramma elektro og datateknologi og helse- og oppvekstfag, og stå ferdig hausten 2028. Det er teikna av Stav Arkitekter, som har henta inspirasjon frå dei karakteristiske jærske låvane og drivhusa. Hjarta i bygget blir eit glasinnramma atrium med ei gangbru som fører direkte frå skuletunet og inn i andre etasje.

Ei større satsing

Undervisningsbygget er ein del av storsatsinga «Tryggheim 2030», som omfattar fleire byggeprosjekt.

Hausten 2025 opna skulen eit nytt internat med 36 rom. Nyleg flytta også den tilrettelagde avdelinga inn i totalrenoverte og utbygde lokale under internatet Skogheim. Til skulestart i august står internatmodulen Lunheim klar med 40 rom, og fram mot sommaren 2027 skal skuletunet få ei omfattande oppgradering.

Solid økonomisk fundament

Bakgrunnen for satsinga på Tryggheim er ein stabil og god økonomi over tid. Rekneskapen for 2025 viser eit overskot på om lag 11 millionar kroner. Dette kjem i stor grad av rekordhøgt elevtal og verdifull støtte frå skulen sine støttespelarar.

Økonomileiar Eivind Svensen understrekar at pengane kjem svært godt med ettersom store verdiar blir investert i bygningsmassen. Investeringane skal sikre langsiktig kvalitet framfor midlertidig flikking på eldre bygg.

– Vi gleder oss over eit godt resultat, for det gir ekstra likviditet som vi sårt treng i det store byggeprosjektet, seier Svensen, og legg til at dei auka investeringane vil gi høgare avskrivingar og auka rentekostand i åra som kjem.

Skuleåret 2025/26 har Tryggheim hatt 577 elevar på vidaregåande og 288 på ungdomsskulen. I august skal om lag 600 elevar gå på vidaregåande.