Elevane samla inn 1,9 millionar

Årets Tryggheim-elevar sette innsamlingsrekord.

15. jun 2026 kl 21:08 Henrik Foss

Ei fullsett storstove på Tryggheim vidaregåande skule kvitterte med applaus og jubel då elevrådsleiar Melissa Reime og prosjektansvarleg Amalie Edland i russestyret offentleggjorde innsamlingssummen og overrekte ein symbolsk sjekk til regionleiar Werner Larsen i Misjonssambandet sørvest under avslutningsfesten fredag kveld.

– Alt det elevane har fått til på eitt år for å samle inn pengar til misjonsprosjektet, er ikkje anna enn imponerande. Det ligg tallause timar med innsats bak resultatet, frå planlegging til overrekkinga av sluttsummen på avslutningsfesten, seier Larsen.

Årets innsamlingsaksjon har, tradisjonen tru, vore eit samarbeid mellom elevrådet og russen ved skulen. Tryggheim-elevane har samla inn millionbeløpet gjennom arrangement som sponsorløp, basar og nattcup.

Pengane skal gå til arbeidet som eigarorganisasjonen til Tryggheim, Misjonssambandet, driv i Japan. Landet har 123 millionar innbyggarar, men folketalet går ned med fleire hundre tusen kvart år på grunn av låge fødselstal og låg innvandring.

Over ein halv million japanarar lever som hikikomori, eit omgrep som blir brukt om personar som isolerer seg frå samfunnet og ikkje forlèt heimane sine. Arbeidet til Misjonssambandet i Japan omfattar formidling av kristen nestekjærleik, mediearbeid, leiaropplæring og barne- og ungdomsaktivitetar som leirar og søndagsskule.

PS! Den førre innsamlingsrekorden på Tryggheim var på 1.875.000 kroner og blei sett i fjor.