Misjonsprosjektet 2021/22Elevar støttar Sør-Amerika-prosjekt

Tryggheim samlar inn pengar til evangelisering og bistand i Sør-Amerika.

12. okt 2021 kl 12:28 Henrik Foss

På tampen av førre skuleår valde dåverande elevråd misjonsprosjektet for skuleåret 2021/22. Tryggheimsrussen og elevrådet står i spissen for årets innsamlingsaksjon til Sør-Amerika-prosjekt i regi av skulen sin eigarorganisasjon, Misjonssambandet.  

Bolivia og Peru har store sosiale utfordringar. Arbeidsløysa er høg, og det er store skilnader mellom fattige og rike. Årets misjonsprosjekt på Tryggheim skal støtte både yrkesutdanning og kristen utdanning. Pengane skal også gå til søndagsskule-, leir- og ungdomsabeid og kurs for å betre forhold i familiar.

I løpet at skuleåret blir det laga til ulike arrangement for å samle inn pengar til misjonsprosjektet, mellom anna basar, misjonsløp og turneringar. Onsdag 3. november arrangerer skulen Operasjon Misjon-dag, der alle elevar samlar inn 400 kroner kvar ved å jobbe eller ved å selje støttebevis.