16. nov 2024 kl 16:38 Henrik Foss Del
Om lag 1100 menneske var til stades då Tryggheim arrangerte laurdagsskule 9. november.
Russen selde lodd for imponerande 70.000 kroner på kveldstrekkinga og nærmare 200.000 på hovudlotteriet. Pengane som kom inn på russebasaren, går til misjonsprosjektet i Indonesia.
På programmet i møtesalen stod også songinnslag av elevar, foredrag av formidlaren Alexis Lundh i organisasjonen Tro & Medier og andakt av Nærbø-pastoren Magnus Nebdal.
18 ungdomsbedrifter stilte ut i gymsalen og viste kva slags idear og produkt dei har skapt i løpet av hausten. Fire jurymedlemmar, tidlegare ungdomsbedriftsleiar Filip Beniamin Cilan, økonomirådgjevar Bernt Kristian Nerland, gründer Kjersti Skjæveland og tidl. Tryggheim-lærar Kristin Samdal, vurderte bedriftene.
Bordbrødrene UB, som lagar vinylbord, vann kategorien beste design/handverk, snikkarbedrifta Woodway UB vann prisen for beste utstilling, og AgriEvolution gjekk til topps i kategorien beste prototype. Sistnemnde bedrift frå Vg2 elenergi og ekom utviklar sensor og varmeelement til drikkekaret for å sikre at kyrne alltid har tilgang til reint og temperert vatn.