Sjå bildeserie frå foreldredagenFest og russebasar

Tryggheim arrangerte laurdagsskule for elevar og foreldre.

8. nov 2026 kl 16:36 Henrik Foss

Laurdag 7. november arrangerte Tryggeheim den årlege tema- og foreldredagen der russen stelte i stand basar for å samle inn pengar til arbeidet til Misjonssambandet i Aust-Afrika. Før kvelden starta hadde russen selt lodd i hovudlotteriet for 200.000 kroner. Kveldstrekkinga gav i tillegg nærmare 100.000 kroner til misjonsprosjektet. Vg3-elevane Andreas og Borghild kom heim frå Afrika tidlegare same dag og fortalde frå årets prosjekt på scena i storstova på Tryggheim.

Hovudgjesten på årets laurdagsskule for elevar og foreldre var kyrkjetenar, kaffigründer og KVS Lyngdal-lærar Marianne Fredbo. Som fireåring blei ho påkøyrd av ein traktor med slåmaskin og mista ein arm og ein fot. Med godt humør og ei inspirerande historie fortalde ho om korleis ho har meistra alt frå strikking til ein karriere som symjar.

Dagen baud også på musikalske innslag, med korsong av russen og solosong ved Malli Amalie i vg2. Eks-elev Erika Veste heldt kveldens andakt.

I gymsalen viste rundt 100 elevar fram ungdomsbedriftene sine på ei imponerande utstilling.