Den årlege temadagen samla om lag 1200 elevar og foreldre 8. november.
Kvar haust inviterer Tryggheim elevar og foreldre til laurdagsskule. På årets program stod ei undervisningsøkt i møtesalen med pastoren Daniel Sæbjørnsen frå Bergen, foreldremøte i klasseromma – og fest og russebasar i storstova. Ungdomsbedriftene stilte ut i gymsalen, der foreldre fekk kjenne på kjøpepresset og jurymedlemmar vurderte arbeidet til elevane.