Heidra Hans Nielsen Hauge

Ordføraren stilte med blankpussa kjede då entreprenørskapselevar hylla arven etter Hans Nielsen Hauge.

22. des 2025 kl 14:23 Henrik Foss

Fredag 19. desember arrangerte Tryggheim den åttande Hauge-festivalen i rekka for å heidre forkynnaren, samfunnsbyggaren og gründeren Hans Nielsen Hauge (1771-1824).

Konkurransar

Ungdomsbedrifta Fjosfalken vann Hauge-prisen, som leiar Sanna Rana i Rogaland Unge Høgre, kommunikasjonsleiar Hilde Eidsaa Bjorland i Hå kommune og leiar og eigar Aslak Tveita i Tveita gulv overrekte etter at dei hadde vurdert deltakarane. Vinnarbedrifta utviklar eit produkt som skal halde fuglar borte frå fjøset.

Royal Design UB på Vg2 tømrar blei kåra til den beste salsbedrifta av leiar Magnus Nedrebø i Rogaland Senterungdom, Øyvind Opstad i teknologiselskapet Ignos og tenestedesignar og tidlegare ungdomsbedrift-elev, Marta Elvira E. Bjorland. Bedrifta lagar runde, eksklusive bord i tre.

Ungdomsbedrifta Lysbøyen på Vg2 elenergi og ekom, som utviklar ei løysing som skal gjere livbøyen meir synleg, vann innovasjonsprisen. I juryen sat leiar Aron Jacobsen Schaanning i Rogaland AUF, anleggssjef Gunn Marit Solli ved Tine Meieriet Jæren og avdelingsleiar Berit Maudal i Totalbetong.

Tettpakka program

Teologen og Tryggheim-læraren Sondre Frøyland Svenseid fortalde om Hans Nielsen Hauge, mens bonden og nestleiaren i Tine-styret, Arthur Salte, gav elevane næringslivskveik i haugiansk ånd. Ordførar Andreas Bjorland (KrF) kasta glans over arrangementet, og Maria Aasbø i Ungt Entreprenørskap Rogaland ønskte elevane god jul og motiverte til fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter 2026. Festivalen blei avslutta med julebord (les: julegraut) med støveldans.