27. des 2024 kl 11:50 Henrik Foss Del
Elevar som driv ungdomsbedrifter, deltok på den sjuande Hauge-festivalen i rekka.
90 entreprenørskapselevar brukte den siste skuledagen før juleferien, fredag 20. desember, til å heidre forkynnaren, samfunnsbyggaren og gründeren Hans Nielsen Hauge (1771-1824). I tillegg til å få innføring i Hauges liv stilte elevane ut produkta og prototypane som dei har utvikla i løpet av hausten.
Ungdomsbedrifta Landskaperne på Vg2 anleggsteknikk vann Hauge-prisen, som avdelingsleiar Berit Maudal i Total Betong AS, landbruksprofil Arthur Salte og stortingskandidat Jonas Andersen Sayed (KrF) overrekte etter at dei hadde vurdert deltakarane. Vinnarbedrifta leverer anleggstenester i tillegg til å utvikle resirkulerbare sprayboksar for bransjen.
Bordbrødrene UB på Vg2 tømrar blei kåra til den beste salsbedrifta av prosjektleiar Eirik Storhaug Njærheim i Vekstpartner og PwC-revisor Arne Birkeland. Bedrifta snikrar vinylbord.
Ungdomsbedrifta Agri Evolution på Vg2 elenergi og ekom, som utviklar sensor og varmeelement til drikkekaret for å sikre at kyrne alltid har tilgang til reint og temperert drikkevatn, vann innovasjonsprisen. I juryen sat oppfinnar Eyvind Time, seljar Stig Holdhus i Telia og Frp-politikar og tidlegare Tryggheim-elev Kristin Lode.
Leiar og eigar av Vigrestad-bedrifta Morene Produkter AS, Karl Haugstad, heldt eit foredrag som inspirerte til gründerskap i haugiansk ånd. Leiar Maria Aasbø i Ungt Entreprenørskap Rogaland ønskte elevane god jul og motiverte til fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter 12. mars. Hauge-festivalen 2024 blei avslutta med julebord (les: julegraut) og støveldans.