Kommuneoverlegen ønskjer at alle testar seg før første skuledag

Kommuneoverlegen anbefaler at alle elevar og tilsette på Tryggheim testar seg med hurtigtest før første fysiske skuledag etter nyttår. 

30. des 2021 kl 11:51 Gjermund Viste

I rådet frå Helsedirektoratet står det følgjande; … alle elever og ansatte i … videregående skole bør teste seg innenfor 24 timer før de går på jobb eller skole første dag etter juleferien.   

De som bur på internatet vil vi råde til å ta sjølvtesten før de reiser til Tryggheim. Det er positivt om også andre får til å teste seg dagen/kvelden før første fysiske skuledag. Viss du bur på Jæren og treng ein hurtigtest, kan du stikke innom Tryggheim frå søndag ettermiddag/kveld (resepsjonen/kantina). Dykk andre kan teste dykk når de kjem til Tryggheim. Møt opp i klasserommet. Faglærar tek med seg hurtigtestar til klassen. Viss det manglar testar, tek tillitselev ei oppteljing og hentar i resepsjonen/kantina.

Det er positivt at alle testar seg for covid-19 ved oppstart. Gjennom det kan vi stoppe noko smittespreiing. Det er på andre sida fullt mogleg at sjukdom kan oppstå seinare. Det er difor framleis viktig å halde seg heime og teste seg på ny viss det oppstår luftvegssymptom.

Har ein hatt covid-19 dei siste tre månadene, treng ein ikkje teste seg.

Karantene og retur til Tryggheim
Elevar under 18 år er fritatt karantene. Det gjeld ikkje viss dei bur i hus med den som er smitta. Elevar som er i karantene fordi dei bur i hus med ein som er smitta, kan difor ikkje komme tilbake til Tryggheim før dei er ute av karantene. Meld frå om dette gjeld deg, så planlegg vi for heimeskule.

 

Gjermund Viste