Rekordmange har søkt Tryggheim

662 har søkt på 225 vg1-plasser på Tryggheim.

4. mar 2026 kl 14:21 Henrik Foss

I fjor søkte 580 om å gå i vg1. Årets tal viser ein auke på 82 søkarar til vg1. Søkarane fordeler seg på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering.

- Vi er som i fjor utruleg takksame for rekordtal endå eit år! Vi konstaterer at svært mange ungdommar ønskjer skuletilbodet på Tryggheim vgs. Eg trur det handlar om både fagtilbod, personale, fritidstilbod og kristent verdigrunnlag. Skulen treng truleg eit internat nummer 8 til hausten, seier rektor Gjermund Viste.

Tryggheim vgs riggar skulen for å ta imot om lag 600 elevar i august og startar med å sende ut inntaksbrev til søkarar i slutten av veka. 

Skule i 107 år

Tryggheim starta i 1919 som «Kinamisjonsforbundets ungdomsskule i Rogaland», med tre lærarar, rundt 50 elevar og ei husmor som laga maten. Skuleåret 2025/26 samlar Tryggheim 577 elevar på vidaregåande og 288 på den 20 år gamle ungdomsskulen.