Oppdatert 3. maiSiste om smittesituasjonen

Ingen elever i karantene.

3. mai 2021 kl 08:34 Gjermund Viste

03. mai. Ingen elever i karantene

 

26. april Ein elev i karantene

Smittetilfella blant elevane på Tryggheim etter påske har ikkje ført til at nokon har blitt smitta på skulen, og alle elevar og tilsette som har vore i karantene etter desse tilfella er nå ute av karantene. Det er svært gledeleg!

Hå kommune er frå 20. april under det nasjonale tiltaksnivået – ingen restriksjonar utover det. Relativt lite smitte i området nå. Skulen har lenge vore på gult nivå.

22.april fekk skulen telefon frå smittesporar i ein annan kommune. Ein elev vart sett i karantene i 10 dagar fordi han er nærkontakt til ein smitta familiemedlem. Klassen og familiegruppa på internatet vart sett i ventekarantene til neste dag. Då kom heldigvis negativt svar på første test.

Igjen ei påminning om å halde avstand, tenke reine hender – beskytte deg sjølv, og du beskyttar andre – og ha nokre få nærkontaktar! Dette blir viktig dei neste vekene!

 

10. april

Hå kommune har lenge vore eit område med lite smitte. Det har endra seg noko frå slutten av påskeferien. To elevar med smitte har vore innom skulen. Begge var her nokre timar på onsdag. Dei bur heime.

Tryggheim vgs har hatt ein god oppstart etter påskeferien, men vi har hatt to elevar innom skulen ca. ein halv skuledag som har testa positivt på Covid-19. I samråd med kommuneoverlegen er ca. 50 elevar og ein lærar vurdert til å vere nærkontaktar og er i karantene. Desse elevane vil ha heimeskule ut neste veke. Dei tar første test med ein gong og andre test tidlegast 7 døgn etter siste kontakt med den som er smitta. Etter to negative testar slepp dei ut av karantene.

Som ein følgje av det igjen er deira familiar i ventekarantene (det same gjeld respektive familiegrupper på internatet). Dei skal ikkje testast. Ventekarantene gjeld til nærkontakt i karantene har fått svar på første test og den er negativ.

Kven skal i ventekarantene? spør fleire om. Det overlèt vi til smittesporingsteamet å avgjere, men etter dialog med kommuneoverlegen har vi gitt følgande råd: Viss elev som er nærkontakt og nå er i karantene har hatt veldig tett kontakt med ein medelev/kjærast – då bør den/dei gå i ventekarantene.

Som dykk forstår – i denne perioden er det heilt avgjerande både å overhalde denne karantenen og for oss alle å følge smittevernretningslinjene best mogleg.

Vi minner om gode råd for smittevern:

Hå kommune har meir informasjon om smittespreiinga her: https://www.ha.no/aktuelt/alle-arrangement-for-barn-og-ungdom-bor-avlysast.96762.aspx

Gjermund Viste

rektor

10. april 2021