Sjå open skule-sending i opptak

Gjekk du glipp av open skule? Ikkje fortvil.

24. nov 2021 kl 22:16 Henrik Foss

Her kan du sjå sendinga frå møtesalen onsdag 24. november klokka 18.00. I programmet får du mellom anna møte elevar som går utdanningsprogramma studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, elektro og datateknologi og bygg- og anleggsteknikk. Medlemmar av russestyret fortel om aktivitetar som skjer på Tryggheim på ettermiddags- og kveldstid. 

På nyåret steller Tryggheim i stand nye arrangement for dei som vil bli betre kjent med skulen:

Torsdag 13. januar 2022: Direktesending på 30 minutt via YouTube som viser skule- og internatliv.

Fredag 18. februar 2022: Hospiteringsdag der deltakarar får oppleve korleis det er å vere elev på dei ulike utdanningsprogramma. 

Fredag 18. og laurdag 19. februar 2022: Besøkshelg der deltakarar får innblikk i både skule- og internatliv. (Vi tilbyr gratis overnatting.) Her melder elevar seg på hospitering og besøkshelg. 

Dersom elevar ønsker å besøke Tryggheim på andre tidspunkt, til dømes for å hospitere, kontaktar dei assisterande rektor Anne Lise Flatebø (aflatebo@tryggheim.no).