Skuledagane fram til jul

Skulen går fra grønt til raudt. Sjå kva som gjeld dei neste dagane.

14. des 2021 kl 13:15 Tårn Helge Helgøy

Her kjem litt info om skuledagane fram til jul:

  • Tysdag 14. desember: Vanleg undervisning, grønt nivå.

  • Onsdag 15. desember: Framleis på grønt nivå, og alle klassar har vanleg skuledag. https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/koronatiltak-for-barnehager-og-skoler/
    • Kantina vil vere stengt frå og med onsdag. Ein vil vidare anbefale elevane å ha lunsj rundt omkring på skulen/klasserom.

  • Torsdag 16. desember er vi over på raudt nivå. Denne dagen er det planlagt mange heildagsprøvar, og dei vil vi gjennomføra.1ST og 2ST klassane vert delt og sit på ulike rom. Faglærer informerer om kva rom elevane skal møte. Det blir heimeundervisning for 3ST og 3PB denne dagen. Det betyr at Vg3-elevane som bur på internatet kan reisa heim allereie onsdag.

  • Fredag 17. desember vert det heimeundervisning for heile skulen, med unntak av TA. Det vil sei at dei fleste internatelevar kan reise heim på torsdag. Internatet er sjølvsagt åpent for dei som må reisa heim fredag som opprinneleg planlagt. Opplegget i møtesalen og klasseavslutningar går ut. Me får heller satsa på ein fest ein gong me kan ha det…  

Info om korleis oppstarten i januar blir kjem i løpet av denne veka. Det er ikkje heilt klart ennå, men det vert uansett ei deling på ST og PB som sist når me var på raudt nivå. Halve klassen møter på skulen, halve klassen har heimeundervisning. Annankvar dag.

På internatet vert det familiegrupper, servering, faste plasser. Meir info kjem her og.