16. og 17. januar 2026 får 10.-klassingar hospitere og delta på besøkshelg.
Fredag 16. januar kan 10.-klassingar hospitere på eitt av dei fire utdanningsprogramma som Tryggheim tilbyr: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering. Hospiteringa startar med ei fellessamling i møtesalen kl 09.30. Besøkshelga frå fredag ettermiddag til laurdag ettermiddag kjem til å innehalde sosiale aktivitetar på skuleområdet, møte i storstova og gode måltid i matsalen. Det er gratis å hospitere på dagtid fredag og kostar 150 kroner å overnatte under besøkshelga frå fredag til laurdag. Her er påmeldingsskjemaet til både hospitering og besøkshelg.
Helse- og oppvekstfag har ikkje fleire hospiteringsplassar igjen fredag 16. januar, men deltakarar er velkomne til å besøke helse- og oppvekstavdelinga laurdag 17. januar. På hospiteringsfredagen er det framleis ledige plassar på bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi og studiespesialisering.
Tryggheim inviterer elles til open skule onsdag 26. november kl 18.00. Arrangementet startar med ei fellessamling i møtesalen på ein halv time før dei frammøtte går til dei ulike utdanningsprogramma/avdelingane. Både 10.-klassingar og foreldre er velkomne. Her er Facebook-lenke til arrangementet. Det går an å følge samlinga i møtesalen digitalt for dei som ikkje kan komme fysisk.
Viss du ønsker å avtale besøk på skulen på eit anna tidspunkt, kan du kontakte studieleiar Anne Lise Flatebø (aflatebo@tryggheim.no). Tryggheim har også ei tilrettelagt avdeling. Dersom du ønsker meir info om tilbodet, kan du kontakte fagleiar Randi Skjørestad (rskjorestad@tryggheim.no).