Programmet startar med ei infosamling i møtesalen der publikum får møte både elevar og tilsette. Samlinga varar cirka 30 minutt. Etterpå kan ein besøke eitt eller flere utdanningsprogram. Det går an å stille spørsmål, observere og bli kjent med skuleområdet. Lærarar, rådgivarar og skuleleiinga er tilgjengelege og svarar på spørsmål. Skulen serverer kaffi, saft og noko å bite i.
PS! Det går an å følge samlinga i møtesalen digitalt for dei som ikkje kan komme fysisk.