22. nov 2023 kl 10:04 Henrik Foss Del
Sjå bilde av nytt internat og nytt undervisningsbygg.
I desse dagar er det store byggeplanar på Tryggheim skular, og me arbeider med ein omfattande plan for omorganisering, ombygging og nybygg som me har valt å kalla Tryggheim 2030.
Første ledd av planane er å setja opp nytt internat, nytt undervisningsbygg der Austheim står i dag, og oppgradering av uteområde. Dei nye bygningane er teikna av Stav Arkitekter. Uteområde er teikna av Aros arkitektar.
Nytt internat
Etter planen skal det nye internatet stå klar for innflytting hausten 2025, og me gler oss til kunna tilby elevane gode, moderne bufasilitetar.
Det nye internatet kjem til å innehalda 36 dublettar, deriblant fire rom tilrettelagt for rullestolbrukarar.
Kjøkkena/allromma er teikna som eit opent konsept som møter ein med ei gong ein kjem inn på internatet, og oppfordrar til sosialt samvær og god prat mellom elevane.
I arbeidet med det nye internatet, har arkitekten teke inspirasjon i dei mange løene som ein kjenner igjen frå kulturlandskapet Jæren.
Nytt undervisningsbygg
Det har lenge vore eit behov for oppgradering og utviding av undervisingslokale her på Tryggheim vgs, og med eit aukande elevtal, blir dette behovet berre større. Sjølv om Austheim har vore ein trufast tenar i mange år her på skulen, ser me dessverre at bygget er modent for utskifting.
Austheim skal difor få takka av etter mange års teneste, og eit nytt undervisningsbygg skal setjast opp der Austheim står i dag.
Det nye undervisingsbygget vil vera på om lag 2600 m2 og kunna romma opptil 190 elevar. Etter planen skal yrkesfaga elektro og datateknologi, og helse- og oppvekstfag inn i dei nye undervisingslokala, i tillegg til arbeidsrom for lærarar med tilknyting til desse yrkesfaga.
Undervisingsbygget er teikna med eit utgangspunkt i universell utforming med fleksible romløysingar som i større grad skal leggja til rette for å kunna variera og tilpassa arbeidsmetodane i undervisinga.
For å tenkja økonomisk, berekraftig og framtidsretta, skal det setjast opp solcellepanel på taket.
Nytt uteområdet
I tillegg til nytt internat og undervisningsbygg, skal tunet få ein betydeleg oppgradering med amfi, sitjegrupper, sykkelparkering og basketballbane.
Og tuntreet som har stått sidan tidenes morgon, skal trufast og trygt få trona over det heile.
Omorganisering og ombygging
Fløya som i dag husar elektro og datateknologi, skal etter planen bli nytt bibliotek og studieverkstad. I kjellaren vil det bli to store klasserom med grupperom til Vg2 studiespesialisering og eit aktivitetsrom for digital sløyd, keramikk, og meir. Dagens bibliotek skal bli omgjort til elevstove, og det skal lagast nytt trimrom og byggast ein eigen maskinhall.
Og, som allereie ligg i prosjektnamnet, har me eit mål om at alt skal stå klart til 2030.
Bli Heimkjær!
Har du lyst å ta del i byggeprosjektet Tryggheim 2030?
Vil du vera med og gje ungdommane våre nokre fantastiske ungdomsår?
I så fall kan du bli
Ved å bli Heimkjær er du med på å verkeleggjera Tryggheim 2030, og bana veg for at ungdommane våre kan få ein god plass å vera og stifta vennskap for livet!