To ungdomsbedrifter og ein tømrarelev frå Tryggheim skal måle krefter mot dei beste i landet.
Royal Design UB og FjosFalken UB har kvalifisert seg til NM for ungdomsbedrifter, mens Jonatan (17) skal delta i skule-NM i kategorien tømrarfag.
Tømrar-konkurranse
Jonatan frå vg2 gjekk til topps då fylkesmeisterskapen for tømrarelevar gjekk føre seg på Bryne vidaregåande skule 16. februar. Vg2-eleven skal reise til Ringsaker vgs i Brumunddal og møte dei beste tømrarelevane i skule-NM 14. og 15. april.
Ungdomsbedrift-konkurranse
Då fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter i regi av Ungt Entreprenørskap Rogaland blei arrangert i Stavanger konserthus 25. mars, vann FjosFalken UB innovasjonsprisen, og Royal Design UB blei kåra til den beste yrkesfaglege ungdomsbedrifta i Rogaland. Onsdag 29. og torsdag 30. april skal dei delta i NM saman med to andre bedrifter frå Rogaland: Godalen Gledesspredere UB frå Godalen vgs og Cheap Sheep UB frå Karmsund vgs.
Royal Design UB
Royal Design UB frå vg2 tømrar snikrar runde spilebord i eik. Elevane fekk denne grunngjevinga då bedrifta deira blei kåra til den beste yrkesfaglege i Rogaland og fekk NM-billett:
«Årets vinner utmerker seg med en bærekraftig og gjennomført forretningsidé. Ungdomsbedriften har utviklet stilrene spisebord i eik, basert på restmaterialer og gir nytt liv til ressurser som ellers ville gått til spille. Ungdomsbedriften viser høy kvalitet både i design og håndverk, har god forståelse for produksjon, marked og verdiskapning.»
FjosFalken UB
FjosFalken UB frå vg2 elenergi og ekom utviklar eit produkt som skal halde fuglar borte frå fjøset, hindre fugleavføring og førebygge sjukdom hos dyra. Elevane fekk denne omtala då bedrifta vann innovasjonsprisen og sikra seg NM-billett:
«Fjosfalken UB vinner innovasjonsprisen fordi de løser et reelt og utbredt problem i norsk landbruk på en måte som er både lovlig og dyrevennlig. Løsningen bruker fuglenes eget språk mot dem ved å spille av varsellyder og rovfugllyder med varierende intervaller, slik at fuglene ikke venner seg til systemet over tid. Bedriften har gjort grundig forarbeid gjennom en markedsundersøkelse med over 80 bønder, og har i tillegg samarbeidet med professor Svein Dale ved NMBU for å sikre at løsningen er vitenskapelig fundert. På stand viste teamet stor faglig trygghet og evne til å kommunisere både problem og løsning på en overbevisende måte. Fjosfalken UB er et sterkt eksempel på innovasjon som springer ut fra et ekte behov og er utviklet med solid kunnskap, samfunnsansvar og bærekraft i bunn.»