Tryggheim får plass til fleire

Til hausten får 30 fleire elevar bu på skuleområdet til Tryggheim.

23. apr 2026 kl 14:37 Tårn Helge Helgøy

– Det er fleire årsaker til at internat-interessa er stor. Miljøet, trivselen og det kristne fellesskapet er viktige faktorar som gjer at fleire ønsker gå på og bu på Tryggheim, seier internatleiar Torill Bjelland.

Hausten 2025 var det rekordstor interesse for å få internatplass. Mange søkarar fekk ikkje plass, og fleire leigar i dag utanfor skuleområdet. Søkartala til skuleåret 2026/27 er endå høgare.

– Årsaka til at vi utvidar med nytt internat er for å gi plass til endå fleire på skuleområdet, seier Bjelland.

Hå kommune har godkjent at Tryggheim får sette opp eit modulbygg som liknar ei løysing som den kristne friskulen KVS Lyngdal har. Bygget med to etasjar skal innehalde einerom, med bad på kvart rom. Modulbygget, som skulen skal leige, skal stå på plenen ved sandvolleyballbanen ved Tryggheim ungdomsskule. Det nye internatet blir sett opp i juli.  

575 elevar går på Tryggheim skuleåret 2025/26, og 210 av dei bur på internat. Neste skuleår tar Tryggheim imot 600 elevar, og 240 av dei skal bu på skuleområdet.