Arrangerer open skule og besøkshelgTryggheim inviterer 10.-klassingar

I løpet av hausten og vinteren kan ungdomsskule-elevar besøke Tryggheim vgs.

13. okt 2021 kl 12:05 Henrik Foss

Skulen inviterer til desse arrangementa:

Onsdag 24. november: Open skule med fellessamling i møtesalen klokka 18.00. Etterpå blir det omvising på utdanningsprogramma studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, elektro og datateknologi og bygg- og anleggsteknikk. Her kan du sjå sendinga frå møtesalen i opptak. 

Torsdag 13. januar 2022: Direktesending på 30 minutt via YouTube som viser skule- og internatliv.

Fredag 18. februar 2022: Hospiteringsdag der deltakarar får oppleve korleis det er å vere elev på dei ulike utdanningsprogramma. 

Fredag 18. og laurdag 19. februar 2022: Besøkshelg der deltakarar får innblikk i både skule- og internatliv. (Vi tilbyr gratis overnatting.)  Her kan elevar melde seg på, og her er programmet for arrangementet.

Dersom elevar ønsker å besøke Tryggheim på andre tidspunkt, til dømes for å hospitere, kontaktar dei assisterande rektor Anne Lise Flatebø (aflatebo@tryggheim.no).

 

Tryggheim skal delta på desse arrangementa utanfor skulen i løpet av vinteren:

18. og 19. januar 2022: Yrkesmessen i Sysco Arena i Tysvær - AVLYST

20. januar 2022: Utdanning i Ryfylke, Sauda/Sand - AVLYST

24. og 25. januar 2022: Utdanningsmessen Utdanning & Karriere i Stavanger - AVLYST

28. til 30. januar 2022: Ungdomskonferansen Impuls i IMI-kirken i Stavanger - UTSETT