Påmelding til besøkshelg er i gangTryggheim inviterer ungdomsskuleelevar

19. og 20. januar får 10.-klassingar hospitere og delta på besøkshelg.

12. okt 2023 kl 21:59 Henrik Foss

Fredag 19. januar kan 10.-klassingar hospitere på eitt av dei fire utdanningsprogramma som Tryggheim tilbyr: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering. Hospiteringa startar med ei fellessamling i møtesalen kl 09.30. Besøkshelga frå fredag ettermiddag til laurdag ettermiddag kjem til å innehalde sosiale aktivitetar på skuleområdet, møte i storstova og gode måltid i matsalen. Opphaldet er gratis. Her er påmeldingsskjemaet til hospitering og besøkshelg 19. og 20. januar. 

Viss du ønsker å avtale besøk på skulen på eit anna tidspunkt, kan du kontakte studieleiar Anne Lise Flatebø (aflatebo@tryggheim.no). Tryggheim har også ei tilrettelagt avdeling. Dersom du ønsker meir info om tilbodet, kan du kontakte fungerande avdelingsleiar Randi Skjørestad (rskjorestad@tryggheim.no).