Velkommen til temadagen den 7. november! Vi håper å sjå mange av dykk der! Marianne Fredbo (lærar KVS Lyngdal) vil halde foredrag med temaet: Marianne fekk leve. Motivasjon, lærelyst, idrett, helse og det å meistre livet.
På festen seinare vil ein tidlegare elev (som var med på årets russeweekend), Erika Vestre, tale.
Dagen er også ein av dei 190 skuledagane. Elevane møter seinast kl. 15.30 og registrerer seg på klasselister i biblioteket. Frå kl. 16.00 er det felles program for foreldre og elevar i møtesalen.
Program
13:00–14:45 Tilbod om samtalar med kontaktlærar/faglærar/andre
13:15–14:30 Fleksibel middag i matsalen
13:30–17:30 Ungdomsbedriftene har utstilling i gymsalen
14:00–14:15 Møte for foreldre til internatelevar i møtesalen
15:00–15:30 Foreldremøte klassevis i klassane sine heimerom
15:30–16:00 Pause med kaffi og mat i matsalen/kantina
16:00–17:00 Foredrag ved Marianne Fredbo (sjå tema over) i møtesalen/gymsalen
(Beinstrekk, kort friminutt, kaffi i kantine)
17:15–18:15 Fest for alle i møtesalen/gymsalen
18:15–18:45 Pause med loddsal
18:45–19:15 Russebasar – alle er velkomne i møtesalen/gymsalen
Foreldresamtaler
Samtalane med kontaktlærar/faglærar/andre bestillast på førehand ved å fylle ut dette skjemaet innan måndag 2. november kl. 23:59: https://temadag.tryggheim.no
Ungdomsbedrift-utstilling
Frå kl. 13.30 blir det UB-utstilling/salsutstilling i gymsalen. Tryggheim satsar på ungt entreprenørskap som metode, og det har bore gode frukter for motivasjon og læring.
Denne dagen vil 15-20 ungdomsbedrifter ha salsutstilling i gymsalen, og vi gler oss til å vise fram gode idear, fine produkt og nyttige tenester. Ta turen innom, sjå, smak og kjenn litt på kjøpepresset.