Sjå årets programVelkommen til temadag og foreldredag 8. november

7. okt 2025 kl 08:00 Geir Magne Karlsen

TEMADAGEN 2025

Velkommen til temadagen den 8. november! Vi håper å sjå mange av dykk der! Daniel Sæbjørnsen (bl.a. i Tro&Medier) vil halde foredrag med temaet «Frimodig tro» ut frå Daniels kommande bok (november) om den kristne historia og aktuelle tema; «En bedre historie – en moderne motkatekisme».

På festen seinare vil ein forelder, Sølve Salte, tale. 

Dagen er også ein av dei 190 skuledagane. Elevane møter seinast kl. 15.30 og registrerer seg på klasselister i biblioteket. Frå kl. 16.00 er det felles program for foreldre og elevar i møtesalen.

 

Program

13:00–14:45 Tilbod om samtalar med kontaktlærar/faglærar/andre

13:15–14:30 Fleksibel middag i matsalen

13:30-17:30 Ungdomsbedriftene har utstilling i gymsalen

14:00–14:15 Møte for foreldre til internatelevar i møtesalen

15:00–15:30 Foreldremøte klassevis i klassane sine heimerom

15:30–16:00 Pause med kaffi og mat i matsalen/kantina

16:00–17:00 Foredrag ved Daniel Sæbjørnsen (sjå tema over) for alle i møtesalen/gymsalen

(Beinstrekk, kort friminutt, kaffi i kantine)

17:15–18:15 Fest for alle i møtesalen/gymsalen

18:15–18:45 Pause med loddsal

18:45–19:15 Russebasar – alle er velkomne i møtesalen/gymsalen

 

Foreldresamtaler

Samtalane med kontaktlærar/faglærar/andre bestillast på førehand ved å fylle ut dette skjemaet innan måndag 3. november kl. 23:59: https://temadag.tryggheim.no

 

Ungdomsbedrift-utstilling

Frå kl. 13.30 blir det UB-utstilling/salsutstilling i gymsalen. Tryggheim satsar på ungt entreprenørskap som metode, og det har bore gode frukter for motivasjon og læring.

Denne dagen vil 15-20 ungdomsbedrifter ha salsutstilling i gymsalen, og vi gler oss til å vise fram gode idear, fine produkt og nyttige tenester. Ta turen innom, sjå, smak og kjenn litt på kjøpepresset.