Last ned (PDF)
Vi vil gjerne at internatet skal vere ein god stad for elevane, der det er gode relasjonar mellom
dei og alle kjenner ansvar for kvarandre. Guds ord og kristen etikk er grunnlag og norm for liv
og arbeid i internatet.
Dei elevane som ikkje kan bu heime, skal som hovudregel bu i internatet. Rektor kan gjere
unntak i særskilde tilfelle. Når internatet er fullt, kan tilbod om skoleplass utan internatplass
bli gitt til dei eldste elevane.
Skolen ventar at internatelevane deltek aktivt med å byggje opp eit triveleg og godt miljø ved
skolen både ved åtferd og orden i arbeid og fritidsaktivitetar.
Godkjent i skolestyret 23. mai 2023
Grunna brannforskriftene og informasjonsbehovet til føresette gir internatelevar
skriftleg melding til tilsynet ved overnatting borte frå internatet. Når elevar skal reise
bort i helga, skal det meldast skriftleg torsdagen før.
Elevar som er borte frå internatet, må vere tilbake før innetid om kvelden eller kome
om morgonen før skolen startar. Passar retur til internatet etter heimreise dårleg med
togtidene, må elevane i god tid avtale seinare tid med tilsynet i kvart tilfelle.
a) Allment
Internatelevane må ta godt vare på eigne saker og stelle fint med andre sin eigedom.
Dei er ansvarlege for inventar og utstyr på rommet sitt.
For å betre tryggleiken har dei ansvar for å halde døra til eige rom låst, og døra inn til
internatet låst etter reglementet.
Skolen ser alvorleg på alle former for sabotasje av låsar og misbruk av nøklar.
Ommøblering og bruk av elektrisk utstyr som utviklar varme, skal godkjennast av
internat- og driftsleiar.
Skulle ein elev kome i skade for å øydeleggje noko, skal han straks melde frå til
internatleiar/driftsleiar/tilsynslærar. Rektor avgjer erstatninga av skaden.
Når det er arrangement på skolen i feriar og frihelger, har skolen rett til å disponere
dei elevromma som trengst.
Internatelevar skiftar på å vere ordenselevar for å ta sin del av vask av stover, gangar,
toalett og dusjar og gjere kjøkenteneste. For elevar som ikkje utfører desse pliktene,
blir det trekt kr 100,- av depositumet kvar gong.
b) Røyking og rusmiddel
Tryggheim er ein røykfri skole med forbod mot alle typar røyk og snus på skolen sitt
område (jf. tobakkskadeloven § 27). Det gjeld både i skoletida og på fritida. Sjå
elevhandboka om ekskursjonar og skoleturar.
Tryggheim skal vere ein skole fri for alkohol og narkotika. Bruk og oppbevaring av
rusmiddel er forbode, inkludert flasker, brukarutstyr og tomemballasje. Rusmiddel vil
bli beslaglagt.
Ved synlege teikn på at ein elev er rusa eller når det er andre godt underbygde grunnar
til mistanke om bruk av rusmiddel, vil skolen vurdere ulike konsekvensar. Dersom
situasjonen tilseier det, vil eleven bli vist bort. Slike saker vert handsama i tråd med
retningslinene for bortvising frå internatet og andre refsande tiltak. Eleven får høve til
å forklare seg.
Tryggheim får av og til spørsmål om det kan trenast med narkotikahundar, gjerne
saman med elevane. Vi gjer merksam på at det i løpet av skoleåret kan kome
narkotikahundar til skolen og internatet. Dette gjeld og i feriar.
c) Oppslag og dekorasjon av romma
Oppslag ute, i klasserom eller på elevrom i form av innlegg, teikningar og bilete som er
diskriminerande for einskildpersonar eller grupper, eller på annan måte verkar etisk
nedbrytande, blir fjerna utan varsel. (Det gjeld og Tryggheim Official på Facebook og
liknande). Stiftar, klister og anna som gjer skade skal ikkje nyttast på veggane.
d) Låsing
Alle ytterdører til internatet skal vere låste for å hindre uvedkomande tilgang til skolen
etter innetid. Alle er ansvarlege for å forvisse seg om at internatet er låst ved passering
ut og inn. Meld frå til tilsynet dersom dørene ikkje let seg låse.
e) Om brannvernutstyr
Brannvern og god beredskap ved brannalarm har høgaste prioritet.
Tildekking av brann-/røykvarslarar og misbruk av tryggingsutstyr som brannslangar,
brannmeldarar, brannsløkkings-apparat, branndører o.l. kan føre til bortvising.
f) Fyrverkeri/eksplosivar
Det er ikkje tillate å oppbevare eller bruke våpenliknande gjenstandar, fyrverkeri,
kinaputtar, ammunisjon eller andre former for eksplosivar på skolen sitt område.
Bruk/oppbevaring av fyrverkeri på skolen sitt område, kan bli meldt til politiet.
g) Arbeidsro i internatet
Det er lesetid i internat og klasserom frå kl 1530 til 1800 måndag til torsdag. Det skal
då vera ro.
h) Gjester
Slekt og vener av elevane er velkomne i inntil tre dagar som gjester til skolen, til vanleg
i helgene. Avtale om overnatting skal gjerast med internatleiar i god tid. Den eleven
som har gjest(er), har ansvar for at det blir betalt for opphaldet, anten til
rekneskapsførar eller til tilsynet.
i) Orden på fellesromma
Elevane må vere nøye med orden på fellesromma og då særleg på fløystovene. Elevane
må dele på dette ansvaret etter oppsette lister. Koppar og anna dekketøy på
fløystovene må elevane halde sjølv. Internatleiar skal godkjenne dekorasjon av
fellesrom i internatet.
j) Lesestoff og underhaldning
Lesestoff, programvare, bilete, filmar o.a. med usømmeleg innhald må ikkje finnast i
internatet.
Lydanlegg må ikkje nyttast slik at andre blir uroa. Misbruk kan føre til inndraging.
k) Datanettverk
På romma er det mogleg å koble til pc/mac/mobilar trådlaust mot elevnett. På enkelte
internatrom er det og nettverksuttak i veggen, unntatt i Austheim og Nordheim.
Elevnettet er primært tenkt for å gjere lekser og ikkje dimensjonert for videostreaming.
Det er ikkje lov å setje opp eige trådlaust nett, eller montere delingspc-ar/serverar på
romma
Innetid:
Føremålet med reglementet er å auke trivselen og læringsutbyttet til elevane.
Det er difor viktig at reglementet blir respektert. Ved brot på reglementet vil skolen
nytte retningslinene nedanfor for iverksetting av tiltak. Elevane skal møtast med
respekt og omtanke. Målet er at elevane alltid skal vite kva konsekvensar eit
reglementsbrot får, og at dei opplever at tiltaka er rettferdige i høve til kor alvorleg
reglementsbrotet er.
A. Ved brot på reglementet kan skolen nytte desse tiltaka:
B. Framgangsmåte for tiltak ved brot på reglementet
Det blir ført oversikt over brot på reglementet. Desse skal danne grunnlag for
karaktersetjing og tiltak.
Det skal førast notat over tiltak, grunngjeving av tiltak og evt. samtalar med
elev/føresett.
Syner ein elev alvorlege eller stadige brot på reglementet i internatet, skal
administrasjonsleiar kalle han inn til samtale, gje påtale og åtvaring. Dersom ein elev
igjen bryt reglementet, skal administrasjonsleiar halde kontakt med vedkommande
elev og hans/hennar føresette.
Før bortvising frå internat blir sett i verk, skal administrasjonsleiar varsle dei føresette
til umyndige elevar, og så langt det er råd, planleggje gjennomføringa av tiltaket i
samråd med dei.
Dersom skolen finn det nødvendig, kan føresette og få melding om tilhøve ved
orden/åtferd for ein elev som har fylt 18 år.
C. Eleven sine rettar