Last ned (PDF)
Vi vil gjerne at internatet skal vere ein god stad for elevane, der det er gode relasjonar mellom dei og alle kjenner ansvar for kvarandre. Guds ord og kristen etikk er grunnlag og norm for liv og arbeid i internatet.
Dei elevane som ikkje kan bu heime, skal som hovudregel bu i internatet. Rektor kan gjere unntak i særskilde tilfelle. Når internatet er fullt, kan tilbod om skoleplass utan internatplass bli gitt til dei eldste elevane.
Skolen ventar at internatelevane deltek aktivt med å byggje opp eit triveleg og godt miljø ved skolen både ved åtferd og orden i arbeid og fritidsaktivitetar.
Godkjent i skolestyret 23. mai 2017
Grunna brannforskriftene og informasjonsbehovet til føresette gir internatelevar skriftleg melding til tilsynet ved overnatting borte frå internatet. Når elevar skal reise bort i helga, skal det meldast skriftleg torsdagen før. Dei som skal reise andre stader enn heim og vera borte natta over, skal ha skriftleg løyve til dette frå føresette når dei er under 18 år.
Elevar som er borte frå internatet, må vere tilbake før innetid om kvelden eller kome om morgonen før skolen startar. Passar retur til internatet etter heimreise dårleg med togtidene, må elevane i god tid avtale seinare tid med tilsynet i kvart tilfelle.
a) Allment
Internatelevane må ta godt vare på eigne saker og stelle fint med andre sin eigedom. Dei er ansvarlege for inventar og utstyr på rommet sitt.
For å betre tryggleiken har dei ansvar for å halde døra til eige rom låst, og døra inn til internatet låst etter reglementet.
Skolen ser alvorleg på alle former for sabotasje av låsar og misbruk av nøklar.
Ommøblering og bruk av elektrisk utstyr som utviklar varme, skal godkjennast av internat- og driftsleiar.
Skulle ein elev kome i skade for å øydeleggje noko, skal han straks melde frå til internatleiar/driftsleiar/tilsynslærar. Rektor avgjer erstatninga av skaden.
Når det er arrangement på skolen i feriar og frihelger, har skolen rett til å disponere dei elevromma som trengst.
Internatelevar skiftar på å vere ordenselevar for å ta sin del av vask av stover, gangar, toalett og dusjar og gjere kjøkenteneste. For elevar som ikkje utfører desse pliktene, vert det trekt kr 100,- av depositumet kvar gong.
b) Røyking og rusmiddel
Tryggheim er ein røykfri skole med forbod mot alle typar røyk og snus på skolen sitt område (jf. tobakkskadeloven § 27). Det gjeld både i skoletida og på fritida. Sjå elevhandboka om ekskursjonar og skoleturar.
Tryggheim skal vere ein skole fri for alkohol og narkotika. Bruk og oppbevaring av rusmiddel er forbode, inkludert flasker, brukarutstyr og tomemballasje. Rusmiddel vil bli beslaglagt. Ved mistanke om rusmiddel, kan skolen be om at nødvendige prøver blir tatt.
Tryggheim får av og til spørsmål om det kan trenast med narkotika-hundar, gjerne saman med elevane. Vi gjer merksam på at det i løpet av skoleåret kan kome narkotika-hundar til skolen og internatet. Dette gjeld og i feriar.
c) Oppslag og dekorasjon av romma
Oppslag ute, i klasserom eller på elevrom i form av innlegg, teikningar og bilete som er diskriminerande for einskildpersonar eller grupper, eller på annan måte verkar etisk nedbrytande, vert fjerna utan varsel. (Det gjeld og Tryggheim Official på Facebook og liknande). Stiftar, klister og anna som gjer skade skal ikkje nyttast på veggane.
d) Låsing
Alle ytterdører til internatet skal vere låste for å hindre uvedkomande tilgang til skolen etter innetid. Alle er ansvarlege for å forvisse seg om at internatet er låst ved passering ut og inn. Meld frå til tilsynet dersom dørene ikkje let seg låse.
e) Om brannvernutstyr
Brannvern og god beredskap ved brannalarm har høgaste prioritet.
Tildekking av brann-/røykvarslarar og misbruk av tryggingsutstyr som brannslangar, brannmeldarar, brannsløkkings-apparat, branndører o.l. kan føre til bortvising.
f) Fyrverkeri/eksplosivar
Det er ikkje tillate å oppbevare eller bruke våpenliknande gjenstandar, fyrverkeri, kinaputtar, ammunisjon eller andre former for eksplosivar på skolen sitt område. Bruk/oppbevaring av fyrverkeri på skolen sitt område, kan bli meldt til politiet.
g) Arbeidsro i internatet
Det er lesetid i internat og klasserom frå kl 1530 til 1800 måndag til torsdag. Det skal då vera ro.
h) Gjester
Slekt og vener av elevane er velkomne i inntil tre dagar som gjester til skolen, til vanleg i helgene. Avtale om overnatting skal gjerast med internatleiar i god tid. Den eleven som har gjest(er), har ansvar for at det blir betalt for opphaldet, anten til rekneskapsførar eller til tilsynet.
i) Orden på fellesromma
Elevane må vere nøye med orden på fellesromma og då særleg på fløystovene. Elevane må dele på dette ansvaret etter oppsette lister. Koppar og anna dekketøy på fløystovene må elevane halde sjølv. Internatleiar skal godkjenne dekorasjon av fellesrom i internatet.
j) Lesestoff og underhaldning
Lesestoff, programvare, bilete, filmar o.a. med usømmeleg innhald må ikkje finnast i internatet.
Lydanlegg må ikkje nyttast slik at andre vert uroa. Misbruk kan føre til inndraging.
k) Datanettverk
På dei fleste romma er det mogleg å koble til pc/mac/mobilar trådlaust mot elevnett. På enkelte internatrom er det og nettverksuttak i veggen, unntatt i Austheim og Nordheim. Elevnettet er primært tenkt for å gjere lekser og ikkje dimensjonert for videostreaming. Det er ikkje lov å setje opp eige trådlaust nett, eller montere delingspc-ar/serverar på romma.
Innetid:
Føremålet med reglementet er å auke trivselen og læringsutbyttet til elevane.
Det er difor viktig at reglementet vert respektert. Ved brot på reglementet vil skolen nytte retningslinene nedanfor for iverksetting av tiltak. Elevane skal møtast med respekt og omtanke. Målet er at elevane alltid skal vite kva konsekvensar eit reglementsbrot får, og at dei opplever at tiltaka er rettferdige i høve til kor alvorleg reglementsbrotet er.
a) Ved brot på reglementet kan skolen nytte desse tiltaka:
Tiltak som kan ankast
Ankeinstans: Ankeutvalet – frist 5 dagar. Skolestyret oppnemner ankeutvalet.
Anna
b) Framgangsmåte for tiltak ved brot på reglementet
Det vert ført oversikt over brot på reglementet. Desse skal danne grunnlag for karaktersetjing og tiltak.
Det skal førast notat over tiltak, grunngjeving av tiltak og evt. samtalar med elev/føresett.
Syner ein elev alvorlege eller stadige brot på reglementet i internatet, skal administrasjonsleiar kalle han inn til samtale, gje påtale og åtvaring. Dersom ein elev igjen bryt reglementet, skal administrasjonsleiar halde kontakt med vedkommande elev og hans/hennar føresette.
Før bortvising frå internat vert sett i verk, skal administrasjonsleiar varsle dei føresette til umyndige elevar, og så langt det er råd, planleggje gjennomføringa av tiltaket i samråd med dei.
Dersom skolen finn det nødvendig, kan føresette og få melding om tilhøve ved orden/åtferd for ein elev som har fylt 18 år.
c) Eleven sine rettar