Rett til trygt skulemiljø

Du kan varsle om at du sjølv, eller ein annan elev, opplever å ikkje ha det trygt og godt på skulen. Dette kan for eksempel skuldast mobbing, vald, diskriminering, trakassering, utanforskap eller andre forhold.


Slik melder du frå

 

Elevar, foreldre og føresette kan bruke den elektroniske varslingskanalen under. Du kan òg seie ifrå til nokon som jobbar på skulen munnleg, på telefon eller på e-post. Du vel sjølv korleis du vil melde frå.

Meld frå om mobbing

Etter at du melder frå om at du ikkje har det bra, skal skulen ta kontakt med deg. De skal i samarbeid lage ein aktivitetsplan med tiltak for å sikre at du får eit trygt og godt skulemiljø. Det er skulen sitt ansvar at dette blir gjort, men det er viktig at du forklarer kva du synest er vanskeleg og kva du trur kan hjelpe for å løyse problemet.

Hugs at alle elevar har krav på eit skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Dette står i opplæringslova § 12-2. Dersom du eller ein annan elev opplever å ikkje ha det trygt og godt på skulen, er skulen forplikta til å hjelpe.

 

Rutinar

 

Tryggheim skular har utvikla ein handlingsplan(link til revidert handlingsplan) som skildrar gjeldande regelverk og korleis rettar og plikter blir ivaretekne.

 


 

For elevar

 

Dine rettar

Alle elevar har rett på eit trygt og godt skulemiljø. Dette betyr at du skal trivast på skulen, og at du ikkje skal oppleve mobbing eller utestenging. Om du har eit trygt og godt skulemiljø, er det berre du som kan vite. Dersom du kjenner deg utrygg eller mistrivst, er skulen forplikta til å leggje dette til grunn når dei skal setje inn tiltak for å få deg til å trivast igjen.

www.nullmobbing.no finn du meir informasjon om kva rettar elevar og foreldre har, og kva ein kan gjere viss ein elev opplever mobbing. Du kan òg kontakte elev- og lærlingombodet eller mobbeombodet i Rogaland dersom du ønskjer hjelp eller nokon utanfor skulen å snakke med om saka di.

 

Korleis varsle dersom du eller andre ikkje har det bra på skulen?

Dersom du ikkje har det trygt og godt på skulen:

Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til kontaktlæraren eller andre som arbeider ved skulen. Du kan òg melde frå ved å bruke den elektroniske varslingskanalen. Dette gjeld både dersom du opplever mobbing eller krenkingar, og viss du ikkje trivst av andre grunnar. Når du melder frå om dette, skal skulen straks ta tak i saka og gjere det som trengst for at du får eit trygt og godt skulemiljø.

 

Dersom du trur ein medelev ikkje har det trygt og godt på skulen:

Sjølv om alle tilsette skal følgje med på korleis alle elevar har det, hender det dessverre at dei ikkje får med seg alt. Derfor er det viktig at du melder frå viss du trur ein medelev ikkje har det trygt og godt på skulen. Ved å melde frå hjelper du både medelevane og klassemiljøet.

 

Dersom du ikkje har det trygt og godt på grunn av ein som arbeider på skulen:

Elevar skal aldri føle seg utrygge på grunn av lærarar eller andre tilsette. Det er viktig at du melder frå straks dersom du opplever dette. I slike tilfelle har skulen ei skjerpa aktivitetsplikt, og rektor skal varsle til skulestyret og følgje opp saka.

 

Kva gjer skulen viss du ikkje har det trygt og godt på skulen?

Viss det oppstår mistanke om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen straks undersøkje saka. Viss det blir konkludert med at ein elev ikkje får oppfylt sine rettar, skal skulen lage ein aktivitetsplan. Aktivitetsplanen skal sikre at alle elevar får eit trygt og godt skulemiljø, og arbeidet skal ikkje avsluttast før målet er oppnådd.

 

Korleis klage viss du meiner at skulen ikkje har teke tak i saka?

Melde saka til Statsforvaltaren:

Dersom du meiner at skulen ikkje har gjort nok for å sikre din rett til eit trygt og godt skulemiljø, kan du melde saka til Statsforvaltaren i Rogaland.

  • Først må du ha teke opp saka med rektor på skulen
  • Det må ha gått minst ei veke sidan du tok opp saka med rektor
  • Saka må gjelde skulemiljøet på den skulen du går på no

I spesielle tilfelle kan du likevel kontakte Statsforvaltaren direkte.

 

Kva kan Statsforvaltaren gjere?

Viss Statsforvaltaren meiner at skulen ikkje har gjort det dei skal, kan dei bestemme kva skulen må gjere for å sikre eit trygt og godt skulemiljø. Statsforvaltaren skal setje ein frist for gjennomføring av tiltaka og følgje opp saka. Dei kan òg gi bøter viss skulen ikkje følgjer opp.

 


 

Dei tilsette sine plikter og rettar

 

Plikter:

  • Alle tilsette har plikt til å kjenne til regelverket og følgje opp elevar sitt skulemiljø.
  • Mistanke eller melding om dårleg skulemiljø skal straks meldast til avdelingsleiar eller rektor.

 

Rettar:

  • Tilsette har same rettar som andre arbeidstakarar.
  • Dersom ein tilsett blir skulda for å ha krenka ein elev, har dei rett til å bli høyrde før skulen tek arbeidsrettslege tiltak.