Handlingsplan mot mobbing

Omgrepet mobbing vert nytta i fleire samanhengar og beskriv alt frå erting til voldelege overgrep. Mobbing blir definert som «gjentatt negativ eller vondsinna åtferd frå ein eller fleire retta mot nokon som har vanskeleg å for å forsvare seg. Systematisk utestenging eller gjentatt erting på ein ubehageleg måte er også mobbing» (frå UDIRs manifest mot mobbing 2011-14).

Ut frå dette kan vi peike på at mobbing har tre viktige kjenneteikn:

  • Trakasseringa er vondsinnaog rammande
  • Ho føregår over tid
  • Det er fysisk og psykisk ubalanse i styrkeforholdet

 

I Friskolovasin formålsparagraf, § 1-1 siste ledd, står det at “Det skal leggjast vekt på å skape godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skule og heim. Alle som er knytte til skolen, skal arbeide for å hindre at elevane kjem tilskade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.”

Friskolelova i § 2-4Krav til skuleanlegg og skulemiljøviser til kapittel 9a i opplæringslova, som handlar om elevane sitt læringsmiljø. I § 9a–1 står det at: ... «alle elevar i grunnskolen og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring».

Dersom ein tilsett i skolen eller skolefritidsordninga får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.
Mobbing, diskriminering, vold og rasisme er eksempel på krenkjande ord og handlingar.

 

Tilsette og leiarar ved Tryggheim har ansvar for å førebyggje og stoppe mobbing. I arbeidet mot mobbing vil vi leggje vekt på

  • å byggje opp eit godt læringsmiljø på heile skolen
  • å følgje nøye med på det som skjer på skolen for åavdekke mobbing
  • å følgje med på det som skjer på internata for å avdekke mobbing
  • å løyse mobbesaker raskt
  • å ha kontinuitet i arbeidet mot mobbing og prioritere det høgt

Det er viktig atalle ved Tryggheimblir involvert i ansvaret for eit mobbefritt skulemiljø. Dersom alle partar har et eigeforhold til arbeidet og deltar aktivt, er sjansen for å lykkast større. Tilsette har ansvar for å kontakte rektor ved gjentakande mobbing eller ved alvorlege hendingar.

 

Rektor skal

  • følgje opp rutinane ved skolen
  • sørgje for kompetanseutvikling etter behov
  • sørgje for informasjon til alle partar
  • setje mobbinga på dagsorden og sørgje for at det er kontinuitet i arbeidet
  • bestemme om det skal gjerast enkeltvedtak i mobbesaker
  • følgje opp alle klager på dei tilsette
  • ta imot varsel om mobbesaker, og setje i gang eit arbeid for å løyse saka

 

Eit godt psykososialt miljø og eit godt læringsmiljø førebyggjer mobbing. Følgjande faktorar er viktigefor å kunne førebyggje mobbing:

  • Ta opp temaet mobbing i klassane og engasjere elevane i arbeidet. Krava skolen har til haldningar og åtferd, må samsvare med generelle normer og den standarden elevane opplever på skolen.
  • Gjere elevene bevisste på korleis mobbinga føregår, om dei ulike rolleneelevene kan ha, at det ikkje er tillete å mobbe, korleis det opplevest å bli mobba, og at mobbaren også tar skade av å mobbe.
  • Ta opp tilskodarrolla. Passive elevar forsterkar mobbesituasjonen, og elevane bør lære korleis tilskodaren kan hjelpe til med å få slutt på mobbinga.
  • Ta opp mobbing som skjer via mobiltelefon og internett. Dette temaet kan også bli behandla på samlingar med føresette og/eller samtalar med føresette.
  • Temaet er ein del av psykisk helsedag.
  • I elevsamtalen tar kontaktlærar opp tema knytt til mobbing.
  • Elevrådet har jamleg oppe tema knytt til mobbing, og dei tillitsvalde tar dette opp i klassane.

Elevar som blir sett og anerkjent av læraren, blir trygge også i forhold til andre elevar. Kulturen i elevgruppa har betyding for både læring og væremåte. Ein klasse med kollektiv vi-oppleving og godt samarbeid vil skjerme om og beskytte kvarandre og ikkje tolerere at nokon blir plaga eller krenkte.

 

Mesteparten av mobbinga føregår utan at vaksne er til stades. Det kan vere vanskelegå oppdage, og svært mange av elevene som blir mobba, seier ikkje ifrå om det som går føre seg.Difor må ein vere aktiv på mange måtar for å kunne avdekke mobbing.

  • Tryggheim gjennomfører årleg Elevundersøking. Resultatet derfrå blir brukt i evalueringa av skolens arbeid.
  • Mobbing blir tatt opp i dei individuelle samtalene med elevane, og eventuelt i foreldresamtalane og på foreldremøta.
  • Meldingar om mobbing frå elevar og foreldre blir alltid på alvor.
  • Vedmistanke om mobbing vil dei tilsette intensivere observasjonen og undersøke saka nærare ved å hente inn opplysningar.

 

Ny teknologi og mobbing

Mobbing ved hjelp av mobiltelefon og internett finn stad både i fritida og på skolen. Difor vil også denne forma for mobbing tas opp på skolen.

  • Tryggheim har reglar for bruk av mobiltelefon og internett på skulen.
  • Det blir arbeidd for å lære elevane god nettbruk.
  • Ved mobbing både på og utanfor skolen, kan det bli aktuelt å samarbeide med foreldre, politi og andre forå løyse (digitale) mobbesaker. Mange elevar som er utsett for tradisjonell mobbing på skolen, er også utsett for digital mobbing.

 

Tryggheim skal vere mobbefri. For å klare dette er det viktig at sakene som oppstår, blir løyste raskt. Tilsette må kunne gå konstruktivt inn for å løyse mobbesaker. Tilsette har også etter opplæringslova ei plikt til å bidra til å bekjempe mobbing.

Dersom ein tilsett på skolen står overfor ei mobbesak, skal det bli gitt beskjed til rektor. Det er viktig at både rektor og tilsette møter alle involverte med respekt. Dei som blir mobba, skal oppleve tilsette som tek vare på dei og som er trygge og tydelege. Dei som mobbar, skal møte tilsette som klart tar avstand frå det som er gjort, men som viser elevane respekt og forventningar om endra åtferd. Alle involverte foreldre skal oppleve tilsette som viser dei og borna deira respekt.

 

Mal for å løyse mobbesaker

  • Undersøkingar og observasjon for å skaffe informasjon.
  • Samtalar med den som er blitt plaga, for å skaffe informasjon og gi støtte.
  • Samtalar med foreldra til den som blir plaga kan vere nødvendig.
    • Rektor avgjer om det skal fattast enkeltvedtak når det er oppdaga mobbing.
    • Foreldre kan også be om at skolen gjer noko. Det utløyser også enkeltvedtak.
  • Samtale med den som mobbar. Dersom det er fleire som mobbar, skal ein snakke med éin om gongen.
  • Inviter til samarbeid for å få slutt på mobbinga, gjer avtalar om kva som skal skje vidare, og set opp ein ny samtale.
  • Ved behov samtaler ein med mobbarane sine foreldre kvar for seg. Dersom foreldra ønskjer det, kan ein snakke med fleire samtidig.
  • Sanksjonar og dokumentasjon: Det vil bli sett inn sanksjonar overfor mobbarar dersom det er nødvendig. Eventuelle sanksjonar skal dokumenterast.
  • Oppfølging: Mobbesituasjonen skal følgjast til han opphøyrer heilt.
  • Søk råd og hjelp om nødvendig. Bruk tilgjengeleg ekspertise, PP-teneste eller andre ressurspersonar.

 

Mobbesaker kan gå føre seg i lang tid på skulen. Dette er ikkj eakseptabelt. Jo lenger mobbinga varer, jo større skade tar den som blir mobba. Det er viktig å forsikre dei som blir utsett for mobbing om at vaksne følgjer med og vil gripe inn dersom mobbinga held fram.

  • Den som er blitt plaga, treng hjelp til å omarbeide dei vonde opplevingane.
  • Det kan vere aktuelt å trekkje inn ekspertise, for eksempel psykologhjelp. Som ekspertise er også kontaktlærar, helsesøster og rådgjevar.
  • Ein må og jobbe for å få den som blei mobba, inkludert i klassen.

Mobbarar trenger hjelp til å utvikle ei sosialt akseptabel åtferd. Ein må derfor følgje utviklinga, vurdere den enkelte sin oppvekstsituasjon og eventuelt be om hjelp frå PP-tenesta, barnevernet eller andre. Forskinga viser at mobbarar har vanskelig for å greie seg i livet dersom de ikkje blir stoppet på et tidlig tidspunkt og får passande hjelp.