Tryggheim vgs er ein friskule med godkjenning etter Lov om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova). Dette inntaksreglementet har difor utgangspunkt i det privatskolelova seier om inntak av elevar jfr. privatskolelova § 3-1.
Godkjent i skulestyret 12. november 2024
Skulen er open for alle søkjarar som fyller vilkåra og krava for inntak i tilsvarande offentlege skular (jfr. privatskolelova § 3-1 første ledd) og som har rett til vidaregåande opplæring jfr. opplæringslova § 2-1 eller § 5-1 første ledd.
Søknadsfristen er 1. mars, og inntak skjer på grunnlag av karakterpoeng (sjå §§ 4 og 5).
For søknad om inntak med fortrinn, f.eks. på grunn av behov for individuelt tilrettelagt opplæring er fristen 1. februar (sjå § 7).
For søknad om meir opplæring (forskrift til privatskolelova §§ 3-3 og 3-4) er fristen 1. juli. Opptak her vil avhenge av ledig kapasitet etter ordinært inntak.
Dei som søkjer etter fristen kjem ikkje med i førsteopptaket, men går inn på ventelista i samsvar med §§ 3, 4 og 5.
Dersom skulen har fleire søkjarar enn det skulen har plassar/kapasitet til å ta inn, vil følgjande prioriteringsgrunnlag bli lagt til grunn for inntaket i oppsett rekkefølgje:
a) Inntak av søkjarar som får inntak med fortrinn kjem først. Sjå § 7.
b) Siste årskull Vg1-elevar ved Tryggheim som har karakteren 2 eller betre i alle fag, og gjennomsnittskarakteren er 3.50 eller betre (utan tilleggspoeng), blir prioritert til eit Vg2-tilbod dersom dei fullfører og består, og dei ikkje høyrer til under § 3 f), g), h) eller i).
c) Elevar ved Tryggheim som fullfører og består Vg2 studiespesialisering blir prioritert til Vg3, dersom dei ikkje høyrer til under § 3 f), g), h) eller i). Tidlegare elevar som fullfører og består skule i utlandet og som søkjer om skuleplass på Vg3, blir prioritert dersom dei hadde minimum gjennomsnittskarakteren 3,50 på Vg1 (utan tilleggspoeng).
d) Dernest blir søkjarar som skal bu på internatet prioritert til skuleplass så lenge det er plass i internatet, og dersom dei ikkje høyrer til under § 3 f), g), h) eller i). Dette gjeld dei som har rett til bustøtte frå lånekassen. Internt i denne kategorien blir elevane rangert etter karakterpoeng (§§ 4-5).
e) Dernest blir andre søkjarar til Vg1, Vg2 og Vg3 prioritert i høve til karakterpoeng, dersom dei ikkje høyrer til under § 3 f), g), h) eller i).
f) Dernest blir dei elevane prioritert som har meir enn 15 dagar udokumentert fråvær fram til 1. mars. Internt i denne kategorien blir elevane rangert etter karakterpoeng.
g) Dernest blir dei elevane prioritert som har uteståande betaling av skulepengar. Internt i denne kategorien blir elevane rangert etter karakterpoeng.
h) Dernest blir deltidselevar prioritert. Internt i denne kategorien blir elevane rangert etter karakterpoeng.
i) Dernest blir vaksne med rett til opplæring prioritert. Internt i denne kategorien blir elevane rangert etter karakterpoeng.
a) Ved inntak til Vg1 blir vitnemål frå grunnskulen lagt til grunn. For siste årskull tel siste halvårsvurdering i faga som blir avslutta i 10. klasse og standpunktkarakterar i fag som er avslutta tidlegare.
b) For inntak til Vg2 og Vg3 blir kompetansebevis frå relevant Vg1/Vg2 lagt til grunn. Før søkjarar som er i gang med slik opplæring, tel karakterane frå siste halvårsvurdering.
For inntak til Vg3 påbygg og Vg4 påbygg tel karakterane frå Vg2 og karakterane i matematikk og naturfag frå Vg1.
c) For søkjarar som har fullført og bestått Vg2 i utlandet blir kompetansebevis frå Vg1 lagt til grunn for inntak til Vg3.
d) For søkjarar som står likt i konkurransen om ein eller fleire plassar, blir rekkefølgja mellom dei avgjort ved loddtrekning.
e) Søkjarar som ikkje får tilbod om skuleplass på grunnlag av karakterar frå første halvår, kan ettersende vitnemål eller halvårsvurdering etter 2. halvår. Ventelista blir då justert etter endra poengsum.
a) Born av foreldre som mellombels har arbeidet sitt utanlands, i samband med misjon/hjelpearbeid/utviklingsarbeid, får 0,4 tilleggspoeng.
b) Born av tilsette ved Tryggheim skular får 0,4 tilleggspoeng.
c) Noverande og tidlegare elevar ved Tryggheim skular eller ved ein av Misjonssambandet sine heileigde ungdomsskular i Rogaland får 0,4 tilleggspoeng.
Ingen kan få meir enn 0,4 tilleggspoeng.
Søkjarar som har teke imot skuleplassen, men får IV eller 1 i eitt eller fleire fag i 2. halvår eller til standpunkt, oppfyller ikkje vilkåra for inntaket. Søkjaren kan behalde plassen etter søknad til rektor dersom rektor ut frå ei heilskapleg vurdering meiner at eleven har kompetanse til å følgje opplæringa på neste nivå.
Inntak av søkjarar som søkjer om inntak med fortrinn på grunn av behov for tilrettelegging, blir gjort etter særskild vurdering. Særskild vurdering gjeld elevar som kan dokumentere sosiale, faglege og/eller medisinske grunnar for opptak. Det kan vere dokumentasjon på behov for individuelt tilrettelagt opplæring på 10. årstrinn eller dokumentasjon frå skule, lege, psykolog, barnevern, PPT eller anna fagpersonell. Dette gjeld også minoritetselevar/fleirspråklege. Denne vurderinga er uavhengig av karakterar. Søkjarar blir tekne opp ut frå ei vurdering av i kor stor grad skulen kan gje dei eit godt tilbod ut frå tilgjengelege ressursar. Det kan prioriterast inntil ti elevar med fortrinn pr. utdanningsprogram (til eitt av søkjarens prioriterte utdanningsprogram). Dersom det er fleire søkjarar som blir vurdert til å høyre til denne kategorien enn det er skuleplassar, vil søkjarar som har Tryggheim vgs som 1. prioritet (på VIGO) i fylket bli prioritert. Om det framleis er for mange, vil skulen ta i bruk loddtrekning. Dersom det ikkje er nok aktuelle søkjarar som kjem under inntak med fortrinn til å fylle desse plassane, blir dei fylt opp av søkjarar til ordinært inntak.
Skulens team for individuell tilrettelegging kan komme med uttale til søknadene. Dette skulens ressursteam* gir ei innstilling til om ein søknad oppfyller vilkåra for behandling av inntak med fortrinn. Søkjarar som ikkje får inntak med fortrinn blir overført til det ordinære inntaket.
Dersom heimefylket til eleven gjer vedtak om utvida opplæringstid, vil eleven få tilsvarande utvida tid til å fullføre vidaregåande opplæring på Tryggheim.
I spesielle tilfelle kan ressursteamet avgjere at ein søkjar til Vg2 eller Vg3 som er elev på Tryggheim vgs frå før, kvalifiserer til inntak med fortrinn sjølv om denne eleven ikkje var kvalifisert til dette føregåande skuleår. Søkjar må då leggje fram dokumentasjon frå skule, lege, psykolog, barnevern, PPT eller tilsvarande.
* Ressursteamet består av rektor, avdelingsleiar tilrettelegging, rådgjevarane, avdelingsleiarane for yrkesfag og ein avdelingsleiar som kan representere studiespesialisering/påbygg.
men ikkje møter til første skuledag eller ikkje gir skulen beskjed, kan miste skuleplassen utan varsel.
Skulestyret vil i kvart tilfelle, på bakgrunn av søknad og dokumentasjon, vurdere om det er grunnlag for reduksjon.
Vedtak om inntak er å rekna som enkeltvedtak etter Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) § 2. Søkjar kan klage vedtaket til Statsforvalteren i Rogaland. Klage skal sendast via skulen, og klagefrist er tre veker.