Inntaksreglement

Tryggheim vgs er ein friskule med godkjenning etter Lov om frittståande skolar med rett til statstilskot (friskolelova). Dette inntaksreglementet har difor utgangspunkt i det friskolelova seier om inntak av elevar jfr. friskolelova § 3-1.

Godkjent i skulestyret 4. desember 2018

Skulen er open for alle søkjarar som fyller vilkåra og krava for inntak i tilsvarande offentlege skular (jfr. friskolelova § 3-1 første ledd) og som har rett til vidaregåande opplæring jfr. opplæringslova § 3-1 eller § 4A-3.

Søknadsfristen er 1. mars, og inntak skjer på grunnlag av karakterpoeng (sjå §§ 4 og 5).

For søknad om inntak med fortrinn på grunn av behov for særskilt opplæring er fristen 1. februar.

Dei som søkjer etter fristen kjem ikkje med i førsteopptaket, men går inn på ventelista i samsvar med §§ 3-5.

Dersom skulen har fleire søkjarar enn det skulen har plassar/kapasitet til å ta inn, vil følgjande prioriteringsgrunnlag bli lagt til grunn for inntaket i oppsett rekkefølgje:

a) Inntak av søkjarar med behov for særskilt opplæring kjem først. Det vert gjort ei særskilt vurdering etter § 6.

b) Siste årskull Vg1-elevar ved Tryggheim vert prioritert til eit Vg2-tilbod dersom gjennomsnittskarakteren er 3.50 eller betre (utan tilleggspoeng), og dei ikkje høyrer til under § 3 f) eller g).

c) Elevar ved Tryggheim som fullfører og består Vg2 studiespesialisering vert prioritert til Vg3, dersom dei ikkje høyrer til under § 3 f) eller g). Tidlegare elevar som går på skule i utlandet og som søkjer om skuleplass på Vg3, vert prioritert dersom dei hadde minimum gjennomsnittskarakteren 3,50 på Vg1 (utan tilleggspoeng).

d) Dernest vert søkjarar som skal bu på internatet prioritert til skuleplass så lenge det er plass i internatet, og dersom dei ikkje høyrer til under § 3 f) eller g). Dette gjeld dei som har rett til bustøtte frå lånekassen. Internt i denne kategorien vert elevane rangert etter karakterpoeng (§§ 4-5).

e) Dernest vert andre søkjarar til Vg1, Vg2 og Vg3 prioritert i høve til karakterpoeng, dersom dei ikkje høyrer til under § 3 f) eller g).

f) Dernest vert dei elevane prioritert som har meir enn 15 dagar udokumentert fråvær fram til 1. mars. Internt i denne kategorien vert elevane rangert etter karakterpoeng.

g) Dernest vert dei elevane prioritert som har uteståande betaling av skulepengar. Internt i denne kategorien vert elevane rangert etter karakterpoeng.

h) Dernest vert deltidselevar prioritert. Internt i denne kategorien vert elevane rangert etter karakterpoeng.

i) Dernest vert vaksne med rett til opplæring prioritert. Internt i denne kategorien vert elevane rangert etter karakterpoeng.

a) Ved inntak til Vg1 vert vitnemål frå grunnskulen lagt til grunn. For siste årskull tel siste halvårsvurdering i faga som vert avslutta i 10. klasse og standpunktkarakterar i fag som er avslutta tidlegare.

b) For inntak til Vg2 og Vg3 vert kompetansebevis frå relevant Vg1/Vg2 lagt til grunn. Før søkjarar som er i gang med slik opplæring, tel karakterane frå siste halvårsvurdering.

c) For søkjarar som har teke Vg2 i utlandet vert kompetansebevis frå Vg1 lagt til grunn for inntak til Vg3.

d) For søkjarar som står likt i konkurransen om ein eller fleire plassar, vert rekkefølgja mellom dei avgjort ved loddtrekning.

e) Søkjarar som ikkje får tilbod om skuleplass på grunnlag av karakterar frå første halvår, kan ettersende vitnemål eller halvårsvurdering etter 2. halvår. Ventelista vert då justert etter endra poengsum.

a) Born av foreldre som mellombels har arbeidet sitt utanlands, i samband med misjon/hjelpearbeid/utviklingsarbeid, får 0,4 tilleggspoeng.

b) Born av tilsette ved Tryggheim skular får 0,4 tilleggspoeng.

c) Noverande og tidlegare elevar ved Tryggheim skular får 0,4 tilleggspoeng. Ingen kan få meir enn 0,4 tilleggspoeng.

Inntak av søkjarar som søkjer om inntak med fortrinn på grunn av behov for særskilt opplæring, vert gjort etter særskilt vurdering. Særskilt vurdering gjeld elevar som kan dokumentere sosiale, faglege og/eller medisinske grunnar for opptak. Det kan vere dokumentasjon på innvilga spesialundervisning på 10. årstrinn eller dokumentasjon frå skule, lege, psykolog, barnevern, PPT eller anna fagpersonell. Dette gjeld også minoritetselevar/fleirspråklege. Denne vurderinga er uavhengig av karakterar. Søkjarar vert tekne opp ut frå ei vurdering av i kor stor grad skulen kan gje dei eit godt tilbod ut frå tilgjengelege ressursar. Det kan prioriterast inntil ti elevar pr. utdanningsprogram etter særskilt vurdering (til eitt av søkjarens prioriterte utdanningsprogram). Dersom det er fleire søkjarar som vert vurdert til å høyre til denne kategorien enn det er skuleplassar, vil plassane verte fordelt gjennom loddtrekning. Dersom det ikkje er nok aktuelle søkjarar på særskilte vilkår til å fylle desse plassane, vert dei fylt opp av søkjarar til ordinært inntak.

Skulens spesialpedagogiske team kan komme med uttale til søknadene. Skulens ressursteam* gir ei innstilling til om ein søknad oppfyller vilkåra for behandling på særskilte vilkår. Søkjarar som ikkje får inntak med fortrinn vert overført til det ordinære inntaket.
Dersom heimefylket til eleven gjer vedtak om utvida opplæringstid, vil eleven få tilsvarande utvida tid til å fullføre vidaregåande opplæring på Tryggheim.
I spesielle tilfelle kan ressursteamet avgjere at ein søkjar til Vg2 eller Vg3 som er elev på Tryggheim vgs frå før, kvalifiserer til inntak på særskilte vilkår sjølv om denne eleven ikkje var kvalifisert til dette føregåande skuleår. Søkjar må då leggje fram dokumentasjon frå skule, lege, psykolog, barnevern, PPT eller tilsvarande.

* Ressursteamet består av rektor, avdelingsleiar spes.ped., rådgjevarane, studieverkstadleiar,
og leiarane for utdanningsprogramma (seksjonsleiarar, avd.leiar og studieleiar 2).

men ikkje møter til første skuledag eller ikkje gir skulen beskjed, kan miste skuleplassen utan varsel.

Skulestyret vil i kvart tilfelle, på bakgrunn av søknad og dokumentasjon, vurdere om det er grunnlag for reduksjon.

Vedtak om inntak er å rekna som enkeltvedtak etter Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) § 2. Søkjar kan klage vedtaket til Statsforvalteren i Rogaland. Klage skal sendast via skulen, og klagefrist er tre veker.