- Eg ønskte å ta ei yrkesutdanning for å få variasjon i kvardagen, seier Siri, - ikkje berre sitje ved ein pult og lytte og skrive, og eg er veldig fornøgd med at det blei elektro. Neste år vil eg ta Vg2 elenergi og ekom, så ta fagbrev og bli elektrikar. Det er mange vegar å gå og god anledning til spesialisering innafor elektrikaryrket.
24 ulike fagbrev
Og det har ho heilt rett i. Den nye tilbodsstrukturen gir dei som startar med Vg1 elektro anledning til å ende opp med minst 24 ulike fagbrev. 11 av desse kan nåast via Vg2-tilboda på Tryggheim. Det kan bli veldig travelt å ta alle, så dei fleste bør nok nøye seg med eitt eller to.
- På sikt er ingeniørutdanning noko eg vil vurdere, og så har eg ein liten draum om å starte eige firma, men det er i så fall eit stykke fram. Det er uansett viktig for meg å kunne ting frå botnen av, å forstå utføringa og korleis ting fungerer, uansett kva eg endar opp som innafor elektrofeltet.
Sørlandsdialekta avslører postadresse i Agder, men Siri grin seg ikkje i søvn over ikkje å kome heim kvar dag.
- Eg stortrivst både på internatet og på skulen, så valet om elektro på Tryggheim har vore heilt rett for min del.
«Det er mange vegar å gå og god anledning til spesialisering innafor elektrikaryrket.»
- Siri, Vigmostad
Stor glede i lyd og bilde
Mats frå Klepp kan i motsetning til Siri svi fiskepinnar med familien som sjokkerte vitne kvar ettermiddag, viss han vil. Ti minutt med snøggtog over jærprærien gir kleppbuen kortreist kompetanseheving.
- Kvifor valde du elektro?
- Eg var generelt lei teori på ungdomsskulen, og hadde samtidig glede av å fikle med PC, lys, lyd og småelektronikk heime. På slutten av ungdomsskulen fekk eg hospitere nokre dagar på elektro på Tryggheim, og det var avgjerande for at eg søkte her. På elektro er teori kopla så tett opp mot det praktiske at det opplevest langt kjekkare og meir lærerikt.
Sjølv om dei fleste elektronane ser ganske like ut der dei tuslar av garde med lysfarta i ein kabel nær deg, må Mats snart velje om han vil ta fagbrev i å lokke dei ut på kraftnettet eller inn i eit sikringsskap.
- Førre praksisperiode var eg hos Lyse, i el-nettbransjen altså, og treivst veldig godt. Neste praksis skal eg ha i eit installasjonsfirma. Etter det vil eg vurdere retninga på fagbrevet, eg har ikkje bestemt meg, men endar gjerne opp som vanleg elektrikar.
- Viss nokon er i tvil om dei skal søke på elektro, kva interesser og eigenskapar vil du seie ein bør ha for å velje elektrovegen?
- Dei kan jo ta «fikle-testen», det er ein god indikasjon viss folk likar å fikle med tekniske ting. Elles er det ein fordel at dei er logisk anlagt, og er passe ryddige i hovudet.
«Tryggheim har gitt meg dei beste vennene i livet, det har rett og slett vore dei to beste åra av livet.»
- Mats, Klepp
Time | Mandag | Tirsdag | Onsdag | Torsdag | Fredag | |
08:10 08:55 | 1 | Energi og styresystemer | El. kretser og nettverk | Engelsk | El. kretser og nettverk | Engelsk |
08:55 09:40 | 2 | Energi og styresystemer | El. kretser og nettverk | Engelsk | Energi og styresystemer | Engelsk |
Friminutt | ||||||
09:50 10:35 | 3 | Matematikk 1T-Y | Energi og styresystemer | Naturfag | Kristendomskunnskap | Engelsk |
09:35 11:20 | 4 | Matematikk 1T-Y | Energi og styresystemer | Naturfag | Kristendomskunnskap | Energi og styresystemer |
Lunsj | ||||||
11:45 12:30 | 5 | El. kretser og nettverk | Kroppsøving | Yrkesfaglig fordypning | Matematikk 1T-Y | Energi og styresystemer |
Friminutt | ||||||
12:35 13:20 | 6 | El. kretser og nettverk | Kroppsøving | Yrkesfaglig fordypning | El. kretser og nettverk | Energi og styresystemer |
Friminutt | ||||||
13:25 14:10 | 7 | Yrkesfaglig fordypning | El. kretser og nettverk | Energi og styresystemer | ||
Friminutt | ||||||
14:15 15:00 | 8 | Yrkesfaglig fordypning |
Elever som har gått Vg1 og Vg2 yrkesfag, kan søke påbygging til generell studiekompetanse for å kunne studere på høyskole og universitet. Undervisningen følger de offentlige læreplaner, og www.vilbli.no gir en oversikt over fag- og timefordeling.
I tillegg til obligatoriske fag velger påbygg-elever selv ett programfag som består av fem skoletimer i uka. Tryggheim gir et variert tilbud av programfag fra utdanningsprogram for studiespesialisering. Elevenes valg er med på å påvirke tilbudet som settes opp. Aktuelle programfag kan være:
Skolen har 60 elevplasser på Vg3 påbygging til generell studiekompetanse
Time | Mandag | Tirsdag | Onsdag | Torsdag | Fredag | |
08:10 08:55 | 1 | Norsk | Naturfag | Norsk | Programfag | |
08:55 09:40 | 2 | Norsk | Naturfag | Matte | Programfag | |
Friminutt | ||||||
09:50 10:35 | 3 | Norsk | Programfag | Matte | Matte | Programfag |
09:35 11:20 | 4 | Naturfag | Programfag | Programfag | Matte | Historie |
Lunsj | ||||||
11:45 12:30 | 5 | Historie | Norsk | Programfag | Historie | Programfag |
Friminutt | ||||||
12:35 13:20 | 6 | Historie | Norsk | Programfag | Historie | Programfag |
Friminutt | ||||||
13:25 14:10 | 7 | Norsk | Kroppsøving | Norsk | Matte | |
Friminutt | ||||||
14:15 15:00 | 8 | Norsk | Kroppsøving | Norsk |
Programområda Tryggheim tilbyr:
Praksis Vg2: Utplassering i bedrift om hausten og våren
Læretid etter Vg2: 2,5 år i bedrift
Elevtal: 65 fordelt på Vg1 og Vg2
Fagbreva etter Vg2 datateknologi og elektronikk:
Fagbrev etter Vg2 elenergi og ekom:
Elektroelevar markerte seg nasjonalt
Av over 13.000 elevar som dreiv ungdomsbedrifter i Noreg skuleåret 2023/24, blei Sheep Sleep UB frå elektroavdelinga kåra til den tredje mest innovative i landet under NM i Nova Spektrum i Lillestrøm 6. og 7. mai 2024!