Lars og Espen går på Vg2 helsearbeidarfag. Dei lærer om menneske gjennom både teori og praksis. 

Espen frå Ålgård bur på internatet på Tryggheim og likar seg svært godt på helsefag 

Eg har lyst til å bli sjukepleiar når eg blir «stor», og her lærer eg veldig mykje om sjukdommar og sjukepleie. Me lærer korleis me pleier pasientar og snakkar med folk som har forskjellige sjukdommar. Å læra om relasjonar og kommunikasjon meiner eg er viktig anten ein vil arbeida på sjukehus, sjukeheim eller i andre helseinstitusjonar. 

Internatelev Lars frå Hommersåk har også planar om å bli sjukepleiar, og likar at undervisninga er så praktisk. 

Me har praksisrom på skulen der me gjer praktiske øvingarI tillegg lærer me om tema eg er interessert i, om sjukdommar og korleis me skal oppføross i lag med menneske. 

Praksisperiodar
På Vg1 har elevane to praksisperiodar på til saman tre veker.
 På Vg2 helsearbeidarfag har dei totalt sju veker praksis. Lars fortel om kjekke og spennande dagar då han fekk prøva seg som portør på sjukehuset i Stavanger. I neste periode skal han ha praksis på ein sjukeheim.  

Også Espen er nøgd med blandinga av teori og praksis.  

- Gjennom praksisen får me sjå korleis det er å jobba i ulike helseinstitusjonar, og i forkant har me lært mykje om det på skulen. Dette er det beste med å gå på helse- og oppvekstfag.

«Me lærer mykje viktig på helse som eg synest alle burde lært.» - Espen, Ålgård

Lærer om menneske
Sara bur heime på Vigrestad, og valde Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag (BU) på Tryggheim fordi ho vil arbeida med menneske. 

- Eg er ikkje 100 % sikker på kva eg skal bli, men eg får utbytte av å gå på BU uansett, for det er interessant å læra om menneske. På Vg1 lærte me det grunnleggjande om kommunikasjon, korleis kroppen fungerer, sjukdommar og ernæring, og på Vg2 har me nettopp lært om kosthald for barn og ungdom. No har eg praksis i ein førsteklasse. 

Ein god del av opplæringa i barne- og ungdomsarbeidarfag inneber leik. Sara forklarer: 

- Ja, me leikar og har mykje gildt, men det er alltid ein grunn til at me leikar. Me lærer mykje om barn og ungdom som me ikkje har tenkt på før. I klassen har me eit veldig fint miljø, og lærarane har stort fokus på at me skal trivast. 

«Alle seier at på BU berre leikar dei og har det gildt. Ja, det stemmer at me leikar, men leiken har alltid eit poeng. Me lærer mykje gjennom leik.» - Sara, Vigrestad

Slik kan timeplanen sjå ut

 

  Time Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag
08:10 08:55 1   Yrkesliv i helse- og oppv.fag Engelsk Naturfag Engelsk
08:55 09:40 2 Helsefremmende arbeid Yrkesliv i helse- og oppv.fag Engelsk Naturfag Kristendomskunnskap
Friminutt            
09:50 10:35 3 Helsefremmende arbeid Helsefremmende arbeid Kommunikasjon og samhandling Kommunikasjon og samhandling Kroppsøving
09:35 11:20 4 Yrkesliv i helse- og oppv.fag Helsefremmende arbeid Kommunikasjon og samhandling Kommunikasjon og samhandling Kroppsøving
Lunsj            
11:45 12:30 5 Kommunikasjon og samhandling Matematikk 1P-Y HS Kristendomskunnskap Matematikk 1P-Y HS Engelsk
Friminutt            
12:35 13:20 6 Helsefremmende arbeid Matematikk 1P-Y HS Yrkesliv i helse- og oppv.fag Yrkesliv i helse- og oppv.fag Engelsk
Friminutt            
13:25 14:10 7 Helsefremmende arbeid Yrkesliv i helse- og oppv.fag   Naturfag Engelsk
Friminutt            
14:15 15:00 8 Helsefremmende arbeid        

Avdelingsleiar Sigve Reilstad

51 79 80 34 sreilstad@tryggheim.no

Rådgjevar, sosiallærar og lærar Anne Kristine Tengesdal

51 79 80 31 952 19 730 atengesdal@tryggheim.no

Påbygging til generell studiekompetanse

Elever som har gått Vg1 og Vg2 yrkesfag, kan søke påbygging til generell studiekompetanse for å kunne studere på høyskole og universitet. Undervisningen følger de offentlige læreplaner, og www.vilbli.no gir en oversikt over fag- og timefordeling.

I tillegg til obligatoriske fag velger påbygg-elever selv ett programfag som består av fem skoletimer i uka. Tryggheim gir et variert tilbud av programfag fra utdanningsprogram for studiespesialisering. Elevenes valg er med på å påvirke tilbudet som settes opp. Aktuelle programfag kan være:

  • Biologi 1
  • Engelsk 1
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1
  • Fysikk 1
  • Informasjonsteknologi 1 eller 2
  • Psykologi 1
  • Rettslære 1
  • Sosiologi og sosialantropologi

Skolen har 60 elevplasser på Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

Slik kan påbygg-timeplanen se ut

  Time Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag
08:10 08:55 1 Norsk Naturfag Norsk   Programfag
08:55 09:40 2 Norsk Naturfag Matte   Programfag
Friminutt            
09:50 10:35 3 Norsk Programfag Matte Matte Programfag
09:35 11:20 4 Naturfag Programfag Programfag Matte Historie
Lunsj            
11:45 12:30 5 Historie Norsk Programfag Historie Programfag
Friminutt            
12:35 13:20 6 Historie Norsk Programfag Historie Programfag
Friminutt            
13:25 14:10 7 Norsk Kroppsøving   Norsk Matte
Friminutt            
14:15 15:00 8 Norsk Kroppsøving   Norsk  

Vg1 helse- og oppvekstfag 

Programområda Tryggheim tilbyr

  • Vg2 helsearbeidarfag 
  • Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag 

Læretid etter Vg2: To år i helseinstitusjon, barnehage og/eller skule 

Elevtal: 125 fordelt på Vg1 og Vg2 

 

Fagbreva etter Vg2 helsearbeidarfag

  • Helsearbeidarfaget
  • Portør 

Fagbrev etter Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag:

  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget