Som mange andre Tryggheim-elevar, har Hallvard Jess Langås frå Klepp hatt søsken som har gått på same skule. Grunnen til at Julia Langåker frå Karmøy valde å gå vidaregåande på internatskule på Jæren, finst det truleg ingen andre som deler med henne: Ho skreiv fotballkontrakt med Klepp IL.
- Sjølv om det var fotballen som førte til at eg flytta og begynte på Tryggheim, er eg veldig glad for at eg hamna akkurat her, seier internateleven frå Åkra på Karmøy.
«Eg opplever at skulen har godt miljø, ikkje berre klassen eg går i, men på tvers av klassane.» - Julia, Karmøy:
Breitt fagtilbod
Dei to elevane på studiespesialisering veit ikkje kva dei vil bli, men hadde bestemt seg for å sikte mot høgare utdanning då dei søkte vidaregåande.
- Studiespesialisering passar best for meg. Eg synest det er gildt med realfag, og for meg var det enkelt å velje utdanningsprogram, seier Hallvard.
- Det var ingen av dei andre utdanningsprogramma som passa heilt for meg. Sidan eg vil studere, kom eg fram til at studiespesialisering er ein grei veg å gå, seier Julia.
At elevar på studiespesialisering kan velje ulike programfag, synest dei er med på å gjere vidaregåande annleis enn ungdomsskulen.
- Eg ønsker å velje matematikk, fysikk og kjemi som programfag, seier Hallvard.
- Eg kjem heller til å velje programfag innanfor språk, samfunn og økonomi. Dei passar best for meg, seier Julia.
Teori
- Kva slags elevar bør velje studiespesialisering?
- Elevane bør like teoretiske fag, svarer Hallvard.
- Eg føler utdanningsprogrammet passar for dei som ikkje heilt veit kva dei vil, og som likar meir teoretiske fag, ja. Men det er jo ikkje berre teori på studiespesialisering. Du kan jo til dømes velje breiddeidrett som fag, seier Julia.
«Tryggheim har veldig mange gode og hjelpsame lærarar.» - Hallvard, Klepp
Språka Tryggheim kan tilby
Skulen tilbyr vanlegvis spansk 2, tysk 2, fransk 2 og enten tysk 1 eller spansk 1, avhengig av interessa frå elevar som kjem inn på Vg1. Dei siste åra har ikkje Tryggheim hatt fransk 2 pga. få elevar som vel fransk 2.
Vg1 studiespesialisering med breiddeidrett
Dei som begynner på Vg1 studiespesialisering på Tryggheim, kan velje programfag allereie første året på videregåande. Vanlegvis begynner elevar med programfag når dei går Vg2, men på Tryggheim får elevar velje mellom programfaga breiddeidrett, entreprenørskap og bedriftsutvikling og informasjonsteknologi på Vg1.
Eit eventuelt programfag kjemi tillegg til den ordinære timeplanen på Vg1 studiespesialisering, og elevane bestemmer sjølv om dei vil starte med programfag allereie første året på vidaregåande. Dei som vel programfag på Vg1, kan ha eitt programfag mindre i Vg2 og/eller Vg3 dersom dei ønsker.
Frå Vg1 til Vg2 studiespesialsering
Etter Vg1 kan elevar gå over til Vg2 der skulen tilbyr programområda realfag og språk, samfunnsfag og økonomi. Elevar er garantert plass på Vg2 dersom karaktersnittet etter 1. termin er 3,5 eller betre.
Du kan lese meir om utdanningsprogrammet studiespesialisering på www.vilbli.no
Time | Mandag | Tirsdag | Onsdag | Torsdag | Fredag | |
08:10 08:55 | 1 | Matte | Matte | Geografi | ||
08:55 09:40 | 2 | Matte | Geografi | Engelsk | Matte | Fremmedspråk |
Friminutt | ||||||
09:50 10:35 | 3 | Engelsk | Samfunnskunnskap | Kristendomskunnskap | Kristendomskunnskap | Fremmedspråk |
09:35 11:20 | 4 | Engelsk | Samfunnskunnskap | Kristendomskunnskap | Naturfag | Matte |
Lunsj | ||||||
11:45 12:30 | 5 | Norsk | Kroppsøving | Fremmedspråk | Naturfag | Naturfag |
Friminutt | ||||||
12:35 13:20 | 6 | Norsk | Kroppsøving | Fremmedspråk | Engelsk | Naturfag |
Friminutt | ||||||
13:25 14:10 | 7 | Naturfag | Norsk | Engelsk | ||
Friminutt | ||||||
14:15 15:00 | 8 | Naturfag | Norsk | Samfunnskunnskap |
Studiespesialisering
Elevtal: Godkjend for 270 fordelt på Vg1, Vg2 og Vg3
Etter Vg3 kan elevar få generell eller spesiell studiekompetanse
Elevane kan velje desse programfaga:
Realfag:
Språk, samfunn og økonomi:
Idrettsfag: