Tilrettelagt avdeling - TA

TA er Tryggheim si tilrettelagde avdeling. Arbeidsteamet består av leiar, kontaktlærar, pedagogar med og utan spesialpedagogikk, vernepleiarar og fagarbeidar. Me har ei lita elevgruppe, der elevane kan vera frå ulike klassetrinn. Talet på elevar kan variera frå år til år.

Samarbeid:

Ved opptak og gjennom heile skuleløpet har avdelinga samarbeid med PPT. Elles har me kontakt med aktuelle fagpersonar etter behov. Me deltek og på samarbeidsmøte og har telefonkontakt med heim og avlastingstilbod.

Skuletur:

TA har sitt eige, tilpassa opplegg og deltek ikkje nødvendigvis på leirskule og Vg2-turar. Men avdelinga har fleire år reist på eigne tilpassa skuleturar, med og utan overnatting, og utifrå føresetnadane. Dette har vore høgdepunkt for elevane på TA.

Basseng:

Tilrettelagt avdeling ved Tryggheim har fleire år hatt leigeavtale med Hå kommune, der me får bruka Stampen Terapibasseng ein gong i veka. Dette er eit unikt tilbud som ikkje mange andre vidaregåande skular har. Me følger og på bassengtrening med fysioterapeut for dei elevane som blir henvist til dette.

Trening: Nokre elevar har behov for trening, dette kan utførast i løpet av skuledagen om det er eit ønske/behov.

Tilbod:

Arbeidstrening

På arbeidstrening er opplæringa spesielt tilpassa den enkelte eleven sine behov og føresetnadar. Elevane er i ei lita gruppe med auka bemanning. Programområdet er entreprenørskap, og elevane får vera med og driva ungdomsbedrift. Her gir ein eleven sjanse til å læra gjennom tverrfagleg arbeid. Livsmeistring er viktig. Skulen skal gje grunnlag for livet etter skulen. For denne elevgruppa kan det vera aktuelt å gå over i tilrettelagt arbeid med bistand, dagsenter, og nokon går over i ordinært arbeid. Dette tilbodet er for elevar som har generelle, samansette og spesifikke lærevanskar og har behov for tettare oppfølging. Me har desse faga: Bading, musikk, robust, mat og helse, kristendom, matte, norsk, engelsk, samfunnskunnskap, kroppsøving og entreprenørskap/ungdomsbedrift.

Fag kan endrast frå år til år ut ifrå elevens behov.

Kvardagslivstrening:

Kvardagslivstrening er eit tilbod for elevar med ulik grad av funksjonshemming og samansette lærevanskar. Opplæringa er spesielt tilpassa den enkelte eleven sine behov og føresetnadar. Her ønsker me å oppnå at eleven skal få auka livskvalitet, få dekka dei grunnleggjande behova sine og ha meiningsfulle og gode dagar. Kvar elev får sitt eige opplegg og er med på det som passer i fellesskap. Aktuelle aktivitetar kan vera basseng, musikk, sansestimulering, fysioterapi, kommunikasjon og tur.

Individuell opplæringsplan

Skulen utarbeider individuelle opplæringsplanar (IOP-ar) for den enkelte eleven. Opplæringa går mot grunnkompetanse, det vil seie at opplæringa ikkje gir grunnlag for vurdering med karakter.

Tilbod: 35 timar i veka.

Opptak til tilrettelagt avdeling

Søknadsfrist: 1. februar.

Skulen sitt opptaksteam vurderer søknadene. Ein har deretter tett samarbeid med PPT for vidaregåande skular og med Rogaland fylkeskommune.

Besøk på skulen:

På Tryggheim har me open skule den 27. november. Elles er det berre å ta kontakt ved ønske om å koma på besøk. Då vil me finna eit tidspunkt som passer, der de får sjå avdeling og tilbod, samt helsa på oss som er på TA.  

 

 

Kontaktpersonar

Fagledar og lærar Randi Skjørestad

900 46 936 rskjorestad@tryggheim.no

Vernepleiar Randa Odeh Granberg

rgranberg@tryggheim.no

Fasilitetar

Avdelinga har skulens trivelegaste lokale fordelt på to etasjar, begge med kjøkken, kvilerom og aktivitetsområde. I tillegg har vi Kveikheim som nyttast til variert arbeidstrening. Følg gjerne Kveikheim på Instagram.