Informasjon om skolestart høsten 2023Hjarteleg velkommen som elev ved Tryggheim vgs

Her er viktig informasjon til elevar og foreldre/føresette.

7. aug 2023 kl 12:45 Geir Magne Karlsen

SKOLESTART

Skoleåret tek til laurdag 19. august for alle elevane i Vg1. Dette er ein obligatorisk skoledag frå klokka 1700-1945.

Programmet blir i år slik:

Kl. 16.00 Informasjonmøte for internatelevar og foreldre/føresette til internatelevane i møtesalen

Kl. 17.00 Samling for alle Vg1-elevar og foreldre/føresette i møtesalen. Det blir ein del felles info. Så går elevane ut klassevis, og har samling med klassen og kontaktlæraren sin. Når elevane har gått ut, blir det gitt ein del informasjon til foreldre/føresette. Etter det er det matservering i kantina/matsal, først til foreldre/føresette, så til elevane.

Presentasjon fra foreldremøte

Kl. 18.30 Klassevise foreldremøte i heimerommet til klassen. Kort info og «bli kjent»

Kl. 19.00-19.45 Opningsfest i møtesalen for alle Vg1-elevar og foreldre/føresette. 

Kl. 20.00 og utover: Sosiale aktivitetar og bli kjent opplegg i regi av miljøarbeidarane. Vi oppfordrar alle elever til å bli igjen og bli kjent!

 

Vi er klare og gler oss til eit nytt, flott Tryggheim-år!

 

Vg2 og Vg3 har første skoledag måndag 21. august med oppmøte i møtesalen kl. 9.00 for Vg2 og kl. 10.00 for Vg3. Vg2- og Vg3-elevane som skal bu i internatet flyttar inn laurdag eller søndag.

Vg1 startar i heimeromma denne måndagen kl. 08.10.

NB! Internatelevane på Vg1 bør koma så tidleg at dei kan få installert seg på romma før kl. 16.

NB! Det blir utdeling av PC i gymsalen laurdag 19. august frå klokka 13 og utover


Viktige datoar

Sjå skolerute; https://vgs.tryggheim.no/info/

  • Foreldredagen dette året blir i kombinasjon med temadag/russebasar laurdag 11. november (obligatorisk skoledag). Denne dagen blir det høve til samtalar med lærarane og andre i personalet. Foreldre/føresette og slektningar av elevane er velkomne!
  • Haustferien blir i veke 41 (9.-13.10.)
  • Siste skoledag før jul blir onsdag 20. desember (halv dag), og første skoledag etter nyttår blir onsdag 3. januar.
  • Vinterferien i veke 9 (26.02.-01.03.)
  • Siste skoledag før påske blir fredag 22. mars, og første skoledag etter påske blir tysdag 2. april.

 

Skolebøker, PC og utstyr

Bøker og skolemateriell får de låne på skolen. I høve til PC/Mac har IKT sendt ut informasjon om dette. Du som har fått tilbod om skoleplass etter det, kan få ordne med PC ved oppstart i august, eller du kan fylle ut skjema for PC-ordning her; https://vgs.tryggheim.no/info/info/pc-ordning/  

Elevar på nokre av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma må ha med ekstra klede og utstyr.

 

Kontaktinfo

Hovudnummeret til skolen er 51 79 80 00 i kontortida (0800-1500).

Kontaktinfo til dei tilsette finn du her; https://vgs.tryggheim.no/kontakt/tilsette/

Etter kl. 1500 gjeld mobilnummera: 906 93 732 til tilsynstelefon 1 og 416 00 937 til tilsynstelefon 2.

 

Skole- og opphaldspengar – økonomiske kostnader

Informasjon om betalingsplanar, depositum, faktura, prisar og anna informasjon som gjeld økonomi, finn du på skolen si nettside: https://vgs.tryggheim.no under menypunkta Informasjon/Økonomi.

NB! Når du betaler, skal du bruke faktura/giro som du får utdelt/tilsendt. Den er merka med KID-nummer.

I nettbanken vil du få tilbod om avtalegiro eller E-faktura. Faktura som ikkje blir sendt som e-faktura sendast på e-post til føresett 1. Ending av fakturamottakar/e-post kan meldast til økonomiavdelinga: regnskap@tryggheim.no

 

Stipend - lån

Alle elevane bør søkje stipend og lån i Statens Lånekasse for utdanning. Alle som søkjer får minimum utstyrsstipend.  Søknadane skal bekreftast av skolen. Send søknad så snart som råd.

 

Helseopplysningar - tilbakemeldingsskjema

Vi bed om tilbakemelding på tilsendt skjema dersom det er opplysningar skolen bør ha kjennskap til. Vi har helsesjukepleiar ved skolen som elevane kan ta kontakt med.

 

Andaktar – møte - fritid

Tryggheim er ein kristen skole. Skoledagane tek til med andakt i 1. time, - til vanleg i klasserommet. Måndagar er det fellesandakt i møtesalen. Det er møteplikt til andaktar og fellessamvær i skoletida.

Elles er det møte og andre samvær på kveldstid. Desse er opne for alle elevane, også for heimebuarar. Vi ønskjer at mange vil ta del i dei ulike fritids- og miljøtilboda på skolen.

 

Reglement

Det er viktig for alle som skal arbeide saman på Tryggheim – elevar, lærarar og andre tilsette, at vi har klare og greie reglar for fellesskapen. Desse reglane skal hjelpe oss til å ta omsyn til andre, lette arbeidssituasjonen og leggje grunn for eit positivt og aktivt ungdomsmiljø. Gjeldande reglement for skole og internat finn de på nettsida.