Elevhandbok

Velkommen som elev til Tryggheim

Under her som er Elevhandboka finner du nyttig informasjon om "alt" du trenger å vite før du kommer hit til skolestart. Viktig å ta seg til til å lese igjennom det meste.

Takk for at du valte Tryggheim –det er ei tillitserklæring. På Tryggheim ønskjer vi både å ha rom for alle dykk elevar, og vi ønskjer fokus på den enkelte av dykk! Vi ønskjer å sjå deg! Godhetog Rausheter verdiar vi set høgt på Tryggheim.Vi i personalet ønskjer å vere rause og vise godhet.
Vi ønskjer vidare at de elevar skal vere rause og gode med kvarandre. I skulekvardagen på Tryggheim har du då eit godt utgangspunkt for eit inkluderande fellesskap og ein utvida vennekrets. Alle elevar har rett på eit godt psykososialt miljø. Det motsette av falskt vitnesbyrd og mobbing er å vere gode med kvarandre, vere romslege og tale vel om kvarandre. Det kan vere så enkelt som eit smil eller eit Hei. I tillegg til eit solid fagleg utbytte håpar vi også at du får verdifulle minne og varige vennskapsband–midt i koronatid! Bruk høvet du no har på Tryggheim og bygg vennskap som kanskje varer livet ut.

Tryggheim vart starta i 1919 som kristen ungdomsskule/folkehøgskule og gjekk i 1983 over til å vere vidaregåande skule. Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv skulen. Frå hausten 2005 vart det starta ungdomsskule som no har ca. 255 elevartil saman på alle trinna.

 

Målsettinga for skulen er:

  • å gje undervisning i samsvar med Opplæringslova og Friskolelova, og føra elevane fram til offentleg godkjend eksamen
  • å halde fram personleg kristen tru og liv
  • å skapa eit miljø som kan fremja vekst og forming av karakter og personlegdom
  • å formidla kall til teneste her heime og mellom andre folkeslag i samfunnet og i misjonen

 

Ein kristen skule

  • legg vekt på at det kristne livssynet er fundament for arbeid og fritid
  • legg vekt på kristendomsfaget som eit profilfag
  • har det kristne verdigrunnlaget som basis i relevante fag
  • har dagleg andakt der alle elevane er med
  • har frivillige møtesamvær

 

Ein skule for LIVET
læring–vekst–tru

Tryggheim vil fremje

Læring

  • vi byggjer ein kultur som verdset læring og motivasjon
  • vi legg til rette for tileigning av kunnskap, dugleik, haldningar og verdiar
  • vi skaper rom for refleksjon, kritisk tenking og utvikling av sjølvinnsikt
  • vi trur på godt samarbeid

Vekst

  • vi møter alle med positiv forventning om å utnytte evnene sine
  • vi er ein stad for mogning av personlegdom og sjølvstende
  • vi vektlegg mellommenneskeleg forståing og respekt
  • vi legg vinn på forpliktande yrkesetikk og fagleg tryggleik

Tru

  • vi lar trua på frelsarenJesus Kristus prega liv og arbeid
  • vi løfter det kristne menneskesynet
  • vi respekterer skaparverket
  • vi utfordrar til kristen teneste

2-0 Skulemiljø

Vi vil gjerne at skolen skal vera ein god heim for elevar og personale, samstundes som han skal vera ein god skole der det er gode forhold mellom alle fordi alle kjenner ansvar for kvarandre.

Guds ord og kristen etikk er grunnlag og norm for liv og arbeid i skolen.

Som privatskole har Tryggheim heile landet som inntaksområde.

Skolen ventar at alle elevane deltek aktivt med å byggja opp eit triveleg og godt miljø ved skolen både ved åtferd, orden i arbeid og sosiale aktivitetar.

I følgjande lenke ser du reglementet for skulen: Skulereglementet

Det er viktig at du kjenner til dei lovane og forskriftene som handlar om skolemiljø. Lovteksta og forskrifta nedanfor er nok dei viktigaste du bør lesa, og du kan finna tekstane enten i ei mappe i biblioteket eller på dei oppgitte internettadressene.

Etter kapittel 9A i Opplæringslova har elevane rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Fysisk miljø omfattar luftkvalitet, temperatur, lys- og lydtilhøve, m.m. Eit godt psykososialt miljø skal skapa tryggleik og sosial tilhøyre og være fritt for alle former for destruktiv åtferd som vald, mobbing, diskriminering og rasisme.

Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skolen som er avgjerande. Dersom ein vaksen på skolen veit om – eller trur – at ein elev vert mobba eller plaga, skal ho eller han alltid gripe inn, seie frå til rektor og undersøke kva som har skjedd. Rektor skal lage ein plan med tiltak mot mobbinga og sørge for at eleven føler seg trygg igjen. Saka kan meldast til Fylkesmannen dersom elevane eller foreldra meiner at skolen ikkje har gjort nok. Fylkesmannen kan bestemme kva for konkrete tiltak skolen må gjennomføre og kan også gi bøter.

I følgjande lenke ser du førebels handlingsplan for psykososialt miljø: !!Handlingsplan for Psykosolialt miljø

I Friskolova sin formålsparagraf, § 1-1 siste ledd, står det at “Det skal leggjast vekt på å skape godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skule og heim. Alle som er knytte til skolen, skal arbeide for å hindre at elevane kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.”

Friskolelova i § 2-4 Krav til skuleanlegg og skulemiljø viser til kapittel 9a i opplæringslova, som handlar om elevane sitt læringsmiljø. I § 9a–1 står det at: ... «alle elevar i grunnskolen og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring».

Dersom ein tilsett i skolen eller skolefritidsordninga får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.

Mobbing, diskriminering, vold og rasisme er eksempel på krenkjande ord og handlingar.

 

I følgjande lenke ser du handlingsplanen mot mobbing: Handlingsplan mot mobbing

Skule og internat

Skulen har sosiallærarar og internatarbeidarar som er tilgjengelege. Desse har faste trefftider. Du kan ta kontakt med dei eller andre i personalet i skole eller fritid.

 

Pedagogiske psykologisk teneste (PPT)

PPT er ei hjelpeteneste i det vidaregåande skuleverket. Både tilsette, elevar og foreldre/føresette kan gjera seg bruk av PPT. Psykolog frå PPT kjem til skolen ein gong kvar veke for å ha samtale med elevar.

Du kan ta kontakt med PPT direkte (tlf. 51 84 25 00). Rådgjevarane, avdelingsleiar spes.ped, sosiallærarane eller fritidsleiaren kan hjelpe til å ordna eit møte.

 

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar har kontortid på skulen to dagar i veka. Sjå oppslag og kontaktinfo på kontordøra i 3.etg. i hovedbygget. Telefonnr: 458 76 170

 

  1. Avtale om kjøp av middag for heime- og hybelbuarar gjeld for eit halvår om gongen.
  2. Ein må velja faste dagar – måndag og/eller onsdag.
  3. Ein melder seg på ordninga ved å nytte skjema som er for dette.
  4. Skjemaet vert levert kjøkken v/kjøkkenleiar innan fristen.
  5. Fristar: 1. halvår = 1. september og 2. halvår = 15. desember.
  6. Pris pr middag: kr 50,- som vert fakturert forskottsvis pr halvår.

Skjema fås i resepsjonen.

 

  • Elevane har medlemsnr. 654 i Nærbø Handelslag (Coop Mega) og bør oppgi dette når dei handlar der. Årsbonus blir m.a. nytta til utstyr for fritidsaktivitetar, leirskoleopphald, ekskursjonar o.l.

  • MX Sport Skolen har rabattavtale med MX Sport (Nærbø, Varhaug og Egersund) for skolen sine elevar. Rabattavtalen gjeld på alle ordinære varer i butikkane, ikkje bestillingsvarer og allereie nedsette prisar. Rabatt: 15 %. bruk studentbevis.

  • Stadion bowling (Bryne). Elevar oppnår rabatt ved bowling ved vising av studentbevis.

  • Jæren Sportssenter (Nærbø)

  • NorEngros Kjosavik. Rabatt: 15 %. Bruk studentbevis

  • Motor Centeret Bryne. 15 % rabatt på utstyr. Bruk studentbevis.

  • Pizzabakeren Nærbø. Bruk studentbevis.

3-0 Undervisning

Utgangspunktet er Forskrift til Friskolelova kap 3 om Individuell vurdering.

 

Prinsipp for undervegsvurdering Tryggheim vidaregåande skule

 

1. Tydelege læringsmål

Elevar lærer best når dei forstår kva dei skal læra og kva som er forventa av dei

  1. Formålet til faget vert presentert i starten av læreprosessen for å gje elevar motivasjon og innsikt i heile faget.

  2. Opplæringa tek utgangspunkt i bakgrunnskunnskapen til eleven og vert tilpassa den enkelte elev.

  3. Læringsøkta startar som regel med læringsmål på tavla og vert som regel avslutta med ein kontroll av  kva som er lært/oppsummering.

  4. Læringsmåla vert fordelte på periodar og økter som gir oversikt over læringsarbeidet.

  5. Kjenneteikn på måloppnåing er positivt formulert: dei beskriv det som eleven skal kunna.

  6. Oppgåveform vert vald gjennom ei grundig gjennomtenking i forkant: kva vil eg vurdera og korleis?

 

2. Tilbakemeldingar

Elevar lærer best når dei får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen

Kjenneteikn på gode tilbakemeldingar er at dei:

  • tek utgangspunkt i definerte kjenneteikn på måloppnåing

  • er konkrete og i tillegg beskriv kva som er bra og kvifor

  • er motiverande

  • vert gitt under arbeidet med kompetansemåla og gjerne før eventuelle karakterar; karakterar kan skyggja for tilbakemeldinga

  • kan dokumenterast

 

3. Framovermeldingar

Elevar lærer best når dei får råd om korleis dei kan forbetra seg

Forbetringa til eleven er i fokus – kva kan han/ho gjera for å utvikla seg vidare? Lærar kan nytta ein fagsamtale som utgangspunkt og med følgjande spørsmål:

  • Kva er målet?

  • Korleis står eg i forhold til målet?

  • Kva gjer eg for å koma vidare?

 

4. Elevens involvering

Elevar lærer best når dei er involverte i eige læringsarbeid gjennom blant anna å vurdera eige arbeid og eiga utvikling

  • Eleven får forklart målet og hensikta med vurderingsarbeidet, slik at han/ho skal kunna delta i vurderingsprosessen.
  • Kjenneteikn på måloppnåing vert utgangspunktet ved eigenvurdering.
  • Lærar kan nytta skjema, logg eller samtale som tek vare på progresjon/eigenvurdering over tid.

 

Vi viser til ”Forskrift til Friskolelova”.

 

Frå § 3-5 Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd tek vi med:

  • Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.

  • Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.

  • Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.

  • Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.

  • I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden elleri åtferd.

 

Skolen legg vekt på følgjande forhold:

ORDEN

  1. Arbeid som vert pålagt eleven i tilknyting til undervisninga, skal gjerast etter avtale og leverast til fastsett tid.

  2. Eleven skal til kvar time ha med dei bøkene og det utstyret som høyrer med til undervisninga.

  3. Eleven skal møta til rett tid til undervisningstimar og andre avtala tider i skolen.

  4. Eleven skal ved sjukdom gi kontaktlærar melding om fråvær og kor lenge han har vore vekke. Ved høgt sjukefråvær kan kontaktlærar be om legeerklæring for atfråværet skal godkjennast. Anna fråvær skal søkjast om på førehand. Skriftleg plan for studiedagar skal leverast kontaktlærar seinast 3 dagar på førehand.

 

ÅTFERD

  1. Eleven skal vera omsorgsfull, real og høfleg både mot personale og medelevar, slik at ingen opplever mobbing, diskriminering, trakassering og liknande.

  2. Eleven skal opptre på ein slik måte av ein ikkje set seg sjølv eller andre i fare.

  3. Fråvær som ikkje er godkjend av kontaktlærar eller rektor blir sett på som ugyldig fråvær.

  4. Bruk og oppbevaring avrusmiddel, ulovleg røyking, hærverk, øydelegging og uansvarleg bruk av ting og utstyr har innverknad på åtferdskarakteren. Misbruk av skolens sikkerheitsutstyr, som brannmeldarar, branndetektorar, branndører, brannslangar, brannsløkkingsapparat og låsesystem blir rekna som eit grovt reglementsbrot.

  5. Ein elev som blir tatt i juks, får nedsett halvårskarakter i åtferd; sjå § 10 i Reglement for Tryggheim skular.

  6. I undervisninga skal mobiltelefonen ligge i sekken eller i ei korg på kateteret

 

Den einskilde læraren noterer i Visma InSchoolpå ein slik måte at det går klart fram kva som er ordensmerknad og kva som er åtferdsmerknad.

Når ein elev har fått 4 merknader i orden/åtferd, eller ved grove brot på reglementet, skal eleven og evt. føresette få brev om dette med melding om at eleven risikerer å få nedsett karakter i orden og/eller åtferd ved halvårsvurdering/standpunktkarakter. Eleven får meldinga i ein samtale med kontaktlærar.

Dersom orden og/eller åtferd ikkje betrar seg etter at varselbrev er gitt, blir karakteren(ane) vurdert nedsett. Ved grove enkelthendingar kan karakteren(ane) bli sett ned utan at varsel er gitt.

Lærarane må vera nøye med føring av forseintkoming. Kjem ein elev 20 min. eller meir for seint, vert det ført som ein time fråvær.Fråvær som ikkje er godkjend av kontaktlærar (opptil ein dag) eller rektor (meir enn ein dag) er ugyldig fråvær.

 

  1. Det er pliktig frammøte til alle varsla prøvar, jf. § 2 i reglement for skole og internat.
    Det er berre sjukdom eller annan gyldig grunn som er lovleg grunn til fråvær.

  2. Dersom ein elev av ein eller annan grunn ikkje har møtt til ordinær prøve, blir det eleven sitt ansvar å gjera avtale med faglærar, slik at faglærar får det nødvendige karaktergrunnlag.

  3. Elevar som skulkar prøvar utan grunn, kan få umeld prøve i ein vanleg undervisningstime.

  4. Skolen kan i slutten av kvart halvår ha ei prøveromsordning i skoletida.

  5. For elevar som manglar karaktergrunnlag blir det sett opp ekstra prøvar i slutten av kvart halvår frå ein større del av pensum. Denne ekstra prøven blir dermed forskjellig frå den ordinære.

 


Oversikt over fråværsreglar

Ulike typar fråvær

X-fråvær: Dette er fråvær som det ikkje er levert grunngjeving for. Faglærar fører alltid X-fråvær, mens kontaktlærar endrari etterkant ved levert dokumentasjon.

M-fråvær: Dette er fråvær som skal teljastmed når det gjeld 10 %-regelen, t.d. ubegrunna fråvær, noko av trafikkopplæringa, udokumentert sjukdom og forsoving. D-fråvær:Dette er fråvær som ikkje skal teljast med når det gjeld 10 %-regelen, og som ikkje vert dekka av R-eller §-fråvær; t.d. dokumentert kortvarig sjukdom, time hos lege, tannlege og noko av trafikkopplæringa.

!-fråvær: Eleven har opplæring i andre fag. Vert bruktnår eleven ikkje har fått undervisning i eit fag pga. annan aktivitet i regiav skulen. Skal nyttastnår skulen har planlagt annaopplæring for eleven i denne økta. Skal ikkje teljapå fagfråvær eller førastpå vitnemålet.

R-fråvær: Dette vert ikkje rekna som fråvær. Det vert ført R-fråvær om elevar er borte ved t.d. elevråd, time hos helsesøster/rådgjevar/PPT, på førehand avtalt studiearbeid/studiedag, skoletur, eksamens-og lesedagar.

§-fråvær: Inntil 10 dagar i eitt skoleår og kun heildagsfråvær. Dette vert ikkje rekna med på vitnemålet; sjå forskrift til Friskolelova § 3-46. T.d. fråvær pga dokumentert langvarig (frå og med 4. dag) eller kronisk sjukdom, gravferd, politisk arbeid, hjelpearbeid, sesjon og deltaking i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Elevar må søka om fråtrekk av fråvær på vitnemålet/kompetansebeviset. Søknad skjer elektronisk i VISMA InSchool.

 

10 %-regelen

Denne regelen (frå 2016) betyr at ein elev ikkje får halvårs-eller standpunktvurdering i fag om han/ho har over 10 % fråvær i faget. Sjølv om ein elev har passert grensa, skal undervisninga, vurderingar og evt. eksamen elles gå som normalt for eleven. Rektor har moglegheit til å bestemme at elevar med vanskeleg livssituasjon eller andre særlege utfordringar, kan få halvårs-eller standpunktvurdering sjølv om eleven har mellom 10 og 15 % fråvær. Det er kun X-fråvær og M-fråvær som vert rekna med når ein telopp til 10 %.

 

Dokumentasjon

Sjukdom

For at sjukdom skal kunne førast som §-fråvær, må det dokumenterast med legeerklæring. Skal det vere D-fråvær, kan det i staden dokumenterast fråandre sakkunnige som t.d. psykolog, tannlege, fysioterapeut, helsesøster. Dette gjeld og legetimar, tannlegetimar, osv.

Kronisk eller langvarig sjukdom

Sjukdom kan vere av ein slik art at det er lite hensiktsmessig å oppsøke sakkunnig for kvart enkelt tilfelle, og i dei tilfella kan fråvær dokumenterast med eigenmelding som byggjer på tidlegare levert dokumentasjon, som viser at kronisk sjukdom eller udiagnostisert sjukdom under utgreiing kan føre til fråvær. Denne dokumentasjonen må godkjennast av rektor (t.d. migrene).

Anna

Fråvær av politiske grunnar som kan dokumenterast av ein politisk organisasjon og hjelpearbeid av ein hjelpeorganisasjon eller liknande. For velferdsgrunnar, som t.d. gravferd, kan normalt erklæring frå føresette eller myndige elevar verta nytta.

Varsel

Dersom ein elev passerer 5 % fråvær i eit fag, vil det bli sendt ut varselbrev til elev og føresett (om eleven er under 18 år) om at eleven står i fare for å ikkje få halvårs-eller standpunktkarakter i faget.

Grenser

Når ein elev har fleire timar fråvær enn 10 % fråvær-grensa i eit fag, vil han/ho ikkje få karakter i faget.

 

Havlårsvurdering

Talet på timar i faget Grense for varsel

10% fråvær

2 2 3
3 3 5
4 4 7
5 5 9
6 6 11
7 7 13
8 8 15
9 9 16
10 10 18
11 11 20
12 12 22

 

Standpunktvurdering (heile skoleåret)

Talet på timar i faget Grense for varsel

10% fråvær

2 2 7
3 3 11
4 4 15
5 5 18
6 6 22
7 7 26
8 8 30
9 9 33
10 10 37
11 11 41
12 12 44

 

Rundskriv og forskrift

Rundskriv Udir-3-2016  og §3-46 i forskrift til friskolelova.

Forskriftsendring trafikkopplæring og fråvær.

 

Info på denne nettsida.

I andre etasje i Austheim har vi ein studieverkstad som tilbyr ein alternativ læringsarena. Elevar kan ha faste timar eller koma dit etter avtale for ein kortare periode.

Det kan vera:

  • elevar som har ymse lærevanskar som har lite utbytte av vanleg klasseundervising
  • elevar som har behov for oppfølging og rettleiing i samband med prøver, framføringar o.l.
  • elevar som treng opplæring i bruk av programvare som Lingdys og Lingright
  • elevar som treng litt ro for å konsentrera seg

 

Lesesal og studieverkstad er bemanna med lærarar fleire dagar i veka. Her kan du få hjelp i fleire fag. Her kan du gjere leksene dine utan hjelp og utan å bli forstyrra – og her kan du få hjelp – ikkje minst med matte og realfag, men også språk, og også tips til læringsteknikkar.

 

Den spesialpedagogiske gruppa består av:

  • Avd.leiar spes.ped.: Åse Bente H. Nielsen
  • Studieverkstadleiar: Solfrid Muren
  • Rådgjevarar: Anne Kristine Tengesdal og Kjartan Håland
  • Seksjonsleiarar BA/EL: Bjarte Gudmestad / Lars Arild Reilstad
  • Avdelingsleiar HO: Sigve Reilstad

Elevrådet er elevane sitt eige organ. Det består av tillitselever frå kvart utdanningsprogram, og vert leia av ein valt elevrådsleiar.

Ved skolestart vel kvar klasse ein tillitselev. Som tillitsvalt i klassen er du leiar og representant for klassen og vil fungere som eit bindeledd mellom elevar, kontaktlærar og skoleleiinga. Den tillitsvalte i klassen skal i lag med kontaktlæraren lage ein plan for arbeidet i klassen slik at dei kan melde saker til elevrådet. De vil vere eit forbilde når det gjeld å skape eit godt klassemiljø, og de skal arbeide for å betre situasjonen til enkeltelevar. Gjennom dei tillitsvalte og elevrådsarbeidet er det mogleg for elevane å ta opp og fremje sine saker, synspunkt og interesser.
Alle tillitsvalte møtest for å velje eit elevrådsstyre for skolen. Medlemmene vert valt for eitt skoleår om gongen. Elevrådet skal sikre at deira stemmer blir høyrt i skoledemokratiet. Det er viktig for skolen at elevrådet fungerer godt for å skape den beste skolen. Elevrådsstyret har jamlege møter med elevrådskontakten.

 

Skyssreglementet finn du hos Kolumbus.

Ved eventuelle spørsmål og for utdeling av søknadsskjema, ta kontakt med undervisningsleiar. Alle skjema blir attestert og sendt vidare av skulen.

 

4-0 Internat

Vi vil gjerne at internatet skal vera ein god heim for elevane, der det er gode forhold mellom alle av di alle kjenner ansvar for kvarandre. Guds ord og kristen etikk er grunnlag og norm for liv og arbeid i internatet.

Dei elevane som ikkje kan bu heime, skal som hovudregel bu i internatet. Rektor kan gjera unntak i særskilde tilfelle. Når internatet er fullt, kan tilbod om skoleplass utan internatplass gjevast til dei eldste elevane.

Skolen ventar at internatelevane deltek aktivt med å byggja opp eit triveleg og godt miljø ved skolen både ved åtferd og orden i arbeid og fritidsaktivitetar.

 

Dagsrytmen for internatet

Måltid:

  • Frukost: matsalen vert opna kl 0715. Elevane må koma før kl 0740 for maten vert teken ut kl 0745.
  • Elevane må forlata matsalen seinast kl 0755.
  • Middag: frå kl 1425, serveringa sluttar kl 1515. Matsalen vert stengd kl 1530.
  • Kveldsmat: kl 1830 – maten vert teken ut kl 1850. Matsalen vert stengd kl 1905.
  • Fridagar er det frukost kl 1000, middag kl 1330, kaffi kl 1600 og kveldsmat kl 1830.
  • Fridagar er det middag med felles start. Desse dagane har tilsynet andakt ved middagsbordet.
  • Alle måltid er frivillige.

Innetid:

  • Dagar før skoledag skal elevane vera på eigne rom kl 2300 og før fridagar kl 0130.
  • Då skal det vere ro på internatet.
  • Frå innetid om kvelden til etter frukost skal berre elevar som bur der, vera på internatfløyane.
  • Ved bråk eller uorden kan stovene låsast.
  • Ordninga for innetid/ro kan stramast inn om det er behov for det.

 

Internatelevrådet (IER) er eit fellesorgan for elevane som bur i internatet ved skolen og eit rådgjevande organ for styret, lærarrådet og administrasjonen.

 

  • Skolen og internatet har nytt og godt brannsikringsutstyr. Det er heilt avgjerande at dette utstyret alltid er i orden. Difor er det strengt forbode å fikla med røykvarslarar, sirener, klokker, manuelle brann-meldarar, brannslangar, naudlys, leiingsljos, branndører o.l. Dørpumpene er også ein del av brannsikrings-utstyret og skal ikkje koplast ut (sjå reglementet § 6f).

  • Eleven har ansvar for rommet han bur på og utstyret der. Lås alltid rommet når du går frå det. Eleven har òg ansvar for å forvissa seg om at ytterdøra til internatet er låst ved passeing ut og inn. Skolen kan krevja erstatning for skadeverk, og reparasjonar vert ofte langt dyrare enn elevane trur.

  • Meld frå til driftsleiaren om utstyr eller anna som vert øydelagt eller ikkje fungerer. Det kan du gjera ved å skriva ein beskjed og hengja han på tavla utanfor vaktmeisterkontoret i kjellaren i hovudbygget.

  • Energisparing. Skolen brukar store mengder fjernvarme og straum til oppvarming. For å spara energi, er det viktig å hugsa på:
    1. Slå av lyset når du går ut av rommet.
    2. Skru ned varmen om natta og når rommet ikkje er i bruk (t.d. ved heimreise).
    3. Luft berre i korte periodar, t.d. medan du er til frukost.
    4. Gå ikkje frå rommet med ope vindauge.

 

Elevar som bur i internatet, må etter ein nærare oppsett plan ta somme plikter i internatet. Det gjeld særleg kjøkkenteneste og vask i internata. Sjå reglementet, pkt. 6a)

 

Hovudregel: Maten ved hovudmåltida blir servert i matsalen til fastsette tider.

  • Matsalen er for dei som bur i internatet og eventuelle gjester. Heime- og hybelbuarar skal ikkje bruke matsalen til vente- eller opphaldsrom under måltida.

  • Ingen elevar skal gå inn på kjøkkenet utan lov (reglar for hygiene).

  • Dekketøy (glas, koppar, tallerkenar osv.) skal ikkje takast ut av matsalen.

Merk deg dette særskilt:

  • Har du praksis og såleis ikkje kan eta til dei vanlege tidene, skal du gjera avtale med kjøkkenleiaren om korleis du kan ordna deg.

  • Når ein elev er sjuk, kan ein annan henta mat mot kvittering. Beger til å ha maten i får ein utlevert på kjøkken.

  • Elevar som har køyretimar, jobb, etc. har ikkje høve til å få middag utanom dei faste tidene, og det skal heller ikkje hentast mat til dei.

 

Hovudtilsyn

Kveldstilsyn

906 93 732 eller 51 69 80 26

416 00 937 eller 51 79 80 27