Skolestart august 2021Hjarteleg velkommen som elev ved Tryggheim vgs

Her finn du viktig informasjon til deg og dine foreldre/føresette.

2. aug 2021 kl 13:58 Gjermund Viste

Følg Opningsfesten på YouTube

Følg opningsfesten på YouTube her.

Skolestart

(Vi tek atterhald om at smittevernreglane tillèt arrangement med inntil 200)


Skoleåret tek til laurdag 14. august. På grunn av korona og smittevernomsyn vert det dessverre ikkje ein stor tradisjonell opningsfest for alle nye elevar med foreldre/føresette.
Programmet vert i år slik (alle samlingar startar i møtesalen):


Kl. 13.30-15.00 Vg1HO (elevar og foreldre/føresette)
Kl. 15.00-16.30 Vg1BA/Vg1EL (elevar og foreldre/føresette)
Kl. 16.30-16.50 Infomøte for foreldre/føresette til internatelevane (elevane er ikkje med)
Kl. 17.00-18.30 Vg1ST (elevar og foreldre/føresette)
Kl. 19.00: Opningsfest på YouTube (nye elevar kan vere med live i møtesalen om dei vil).
Kl. 19.45
Internatelevane stopper igjen til ein kort info, deretter samling i fløyane.
Kl. 20.15 Grilling på tunet, med sosialt opplegg etterpå.

I dette programmet vert det tid for å treffast, klassesamlingar, foreldremøte og koronavennleg mat! Vi er klare og gler oss til eit nytt, flott Tryggheim-år!

Vg2 og Vg3 har første skoledag måndag 16. august med oppmøte i møtesalen kl. 9:00 for Vg2 og kl. 10:00 for Vg3. Vg2- og Vg3-elevane som skal bu i internatet flyttar inn søndag.
Vg1 startar i heimeromma denne måndagen kl. 08:10.

NB! Internatelevane på Vg1 kan tilpasse seg programmet over og få installert seg på romma enten før eller etter første programpost for dei forskjellige klassane.

 

 

Viktige datoar

Sjå skolerute.

 

  • Foreldredagen dette året blir i kombinasjon med temadag/russebasar laurdag 13. november (obligatorisk skoledag). Denne dagen blir det høve til samtalar med lærarane og andre i personalet. Foreldre/føresette og slektningar av elevane er velkomne!
  • Haustferien blir i veke 41 (11.10 – 15.10).
  • Vinterferien i veke 9 (28.02 – 04.03).
  • Siste skoledag før jul blir fredag 17. desember (halv dag), og første skoledag etter nyttår blir måndag 3. januar.
  • Siste skoledag før påske blir fredag 8. april, og første skoledag etter påske blir tysdag 19. April.
  • Vg2-turane til Europa og Israel er flytta frå september til 30. mars til ca. 7. april. I same tidsrom blir det også tilbod om Vg3-turar (fagturar) til USA, London og Berlin (delvis pga. avlyste Vg2-turar 2020-21).

 

Skolebøker, PC og utstyr

Bøker og skolemateriell får de låne på skolen. I høve til PC/Mac har IKT sendt ut informasjon om dette på e-post (ca. 10. mai til elev og foreldre). Du som har fått tilbod om skuleplass etter det kan få ordne med PC/Mac ved oppstart i august, eller du kan fylle ut skjema under PC-ordning her.
Elevar på nokre av dei yrkesfaglege utdanningsprogramma må ha med ekstra klede og utstyr.

 

Kontaktinfo

Hovudnummeret til skolen er 51 79 80 00 i kontortida (0800-1500).
Kontaktinfo til dei tilsette finn du her.
Etter kl. 1500 gjeld mobilnummera: 906 93 732 til tilsynstelefonen og 416 00 937 til tilsynstelefon 2.

 

Skole- og opphaldspengar - økonomiske kostnadar

Informasjon om betalingsplanar, depositum, faktura, prisar og anna informasjon som gjeld økonomi, finn du her.
NB! Når du betaler, skal du bruke faktura/giro som du får utdelt/tilsendt. Den er merka med KID-nummer.
I nettbanken vil du få tilbod om avtalegiro eller E-faktura.

 

Stipend - lån

Alle elevane bør søkje stipend og lån i Statens Lånekasse for utdanning. Alle som søkjer får minimum utstyrsstipend. Søknadane skal bekreftast av skolen. På grunn av ferieavvikling er det difor viktig at du søkjer tidleg om du ønsker pengane ved skulestart. Informasjon om korleis du søkjer finn du her.

 

Helseopplysningar - tilbakemeldingsskjema

Vi bed om tilbakemelding på vedlagde skjema dersom det er opplysningar skolen bør ha kjennskap til.
Vi har helsesjukepleiar ved skolen som elevane kan ta kontakt med.

 

Andaktar - møte

Tryggheim er ein kristen skole. Skoledagane tek til med andakt i 1. time, - til vanleg i klasserommet. Måndagar er det fellesandakt i møtesalen. Elles er det møte og andre samvær på kveldstid. Desse er opne for alle elevane, også for heimebuarar. Vi ønsker at mange vil ta del i dei ulike fritids- og miljøtilboda på skolen, men dette er sjølvsagt frivillig.

 

Reglement

Det er viktig for alle som skal arbeide saman på Tryggheim – elevar, lærarar og andre tilsette, at vi har klare og greie reglar for fellesskapen. Desse reglane skal hjelpe oss til å ta omsyn til andre og leggje grunnen for eit positivt og aktivt ungdomsmiljø. Gjeldande reglement for skole og internat finn de på nettsida, reglement og elevhandbok.

 

Internatelevar

– gjeld dei som skal bu i internata


Internatelevane får ein del info laurdag kveld og søndag kl. 12:30 i møtesalen.
Laurdag vert det infomøte/ internatsamling for foreldre/føresette til nye internatelevar kl. 1630 i møtesalen.