Faktura og betaling

Faktura
Skulen sender faktura på det meste som skal betalast til skulen.
Med unntak av inntaksgebyr vil det vere KID på alle fakturaer.

Det er viktig at KID nyttast slik at innbetalinga vert knytt opp til rett elev og faktura.

Faktura vert skrive ut fortrinnsvis som E-faktura eller per e-post til den e-postadressa eleven har registrert som fakturamottakar.
Faktura på papir vil bli belasta med gebyr kr 25,- per faktura. Tryggheim tilbyr og avtalegiro.

Oppseiing av skuleplass
For elev som sluttar før fullført skuleår, gjeld desse reglane:

  • Sluttar ein elev før den 16. i månaden, skal skulepengar betalast for inneverande månad og 50 % for etterfølgjande månad.
  • Ved av­slutning i siste halvdel av månaden, skal skulepengar betalast for inneverande og etterfølgjande månad.

 

Særskilte vilkår for internatelevar
Desse vilkåra kan fråvikast under heilt spesielle omstende, t.d. ved sjukdom og liknande.

Depositum
Alle internatelevar skal betale depositum for internat.
Depositumet vert ført vidare så lenge du er elev ved skulen og vert tilbakebetalt med eventuelle frådrag seinast i august det året du sluttar på Tryggheim. Elevar som har fått frådrag for tapte nøklar til internatrom, skade/hærverk på internatmøblar og liknande, vil få rekning når nytt skuleår startar, for å fylle opp depositumet.

Refusjon av kostpengar ved fråvær:

  • Ved fråvær som strekkjer seg over meir enn 5 skuledagar i samanheng, får eleven tilbakebetalt kr 50,- pr heilt døgn for dokumentert fråvær. (Fråvær laurdag og sundag gir ikkje rett til tilbakebetaling.) Gjeld ikkje Vg2-turen.
  • Eleven sender skriftleg melding på eige skjema om slikt fråvær gjennom kontaktlærar som attesterer og leverer meldinga til rekneskapsførar.

Oppseiing av internatplass

  • Det skal betalast kost- og losjipengar for påbegynt og etterfølgjande veke.

Økonomi

* Efaktura og Avtalegiro

Dersom du opplever at ein faktura blir betalt dobbelt, skuldas dette at du har BÅDE Efaktura og Avtalegiroavtale aktiv.

For å unngå dobbelt-trekk rår vi deg til å ha berre ein av avtalane.

Økonomileiar Eivind Svensen

51 79 80 24 905 88 461 regnskap@tryggheim.no